100% fast stilling som faglærer Teknologi og industrifag
Undervisningsstillingar i industri og teknologifag
.
Laksevåg og Bergen maritime vgs ligg på Nygårdstangen i Bergen sentrum, sentralt plassert like ved busstasjon, jernbanestasjon og bybane. Verkstadslokala for bygg- og anleggsteknikk ligg sentralt på Laksevåg – med gode bussforbindelser.
Skulen tilbyr vidaregåande utdanning innen yrkesfaga elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag og bygg- og anleggsteknikk. I tillegg har skulen ein klasse som kombinerer elektrofag og spesiell studiekompetanse. Gjennom teoretisk opplæring og relevant praksis kvalifiserer utdanninga som skulen har til jobbar innen mange ulike fagområde.
- Søknadsfrist: 31.05.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: 100% fast stilling som faglærer Teknologi og industrifag
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4665674466
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning
- Vurderingsarbeid
- Vere ein bidragsyter i tverrfagleg samarbeid, klasseteam og ut mot samarbeidsbedrifter
- Stillinga vil hovudsakleg vere retta mot undervisning på:
- Vg1, teknologi- og industrifag
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person som har relevant utdanning og/eller erfaring innan mekaniske fag. Personer med erfaring innen plate og sveis vil bli foretrukket, men vi oppfordrer alle med mekanisk bakgrunn å søke. Minstekrav er bestått fagbrev.
Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdanning, men vi oppfordrar alle med relevant fagkompetanse til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- er engasjert og positiv, med ønskje om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø.
- har eit positivt elevsyn.
- er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg.
- er tilpasningsdyktig.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
- Eit positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- Ein skule som nyttar arbeidslivet i opplæringa
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Odd Frantzens Square 5, Vestre Strømkaien 19, 5008 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
Geir Jakobsen
avdelingsleiar
Telefon:92280836
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.