Sandnes full bredde

Ergoterapeut/fysioterapeut

 

 

Ergoterapeut

Masfjorden kommune søker ergoterapeut eller fysioterapeut til eit vikariat frå januar 2025 til og med september 2025, med mogleigheit for forlenging.

Ergoterapitenesta er organisert under helseavdelinga. Kontoret er lokalisert ved Masfjorden sjukeheim på Hosteland. Ergoterapeut arbeider mellom anna med heimebuande i alle aldrar, og er kommunen sin ressursperson når det gjeld hjelpemiddel.

 

Arbeidsoppgåver

  • Oppføljing av pasientar i rehabilitering
  • Rettleiing og motivering til eigeninnsats hos pasientane
  • Tilrettelegging, søknadsprosess og oppfølging av hjelpemidlar
  • Tverrfagleg arbeid med vekt på meistring og livskvalitet
  • Deltaking i demensteam

 

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor, ergoterapi, treårig. Norsk autorisasjon som ergoterapeut eller bachelorgrad i fysioterapi
  • Andre helse- og sosialfaglege utdanningar kan også bli vurderte
  • God norsk formidlingsevne, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

 

Krav til personlege eigenskapar

  • God samarbeidsevne; evne til både jobbe i tverrfaglege team
  • Evne til sjølvleiing og å være pådrivar i eige arbeid
  • Kjennskap til rehabiliteringstankegangen og gjerne erfaring frå rehabiliteringsfeltet
  • Gjerne erfaring/kompetanse innan våre pasientgrupper, særleg demens

 

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Ein utfordrande og interessant jobb
  • Løn etter tariff og god pensjonsordning gjennom KLP

 

Helseavdelinga

Helseavdelinga i Masfjorden kommune består av legekontor, helsestasjon, psykisk helse, ergoterapi- og fysioterapiteneste.

Kontor for ergoterapi er lokalisert ved Masfjorden sjukeheim på Hosteland.

 

Spørsmål om stillinga

Ida Eide
Leiar helseavdelinga
56166300
ida.eide@masfjorden.kommune.no

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 1. januar 2025
Arbeidsgivar: Masfjorden kommune
Kommune: Masfjorden
Omfang: Heiltid
Varigheit: Vikariat/mellombels
Arbeidsstad: Hostelandslia 15, 5981 Masfjordnes

Del stillingen

Selskap

Masfjorden kommune

Kontaktinfo

  • Ida Eide
  • Tittel: Leiar helseavdelinga
  • E-Post: ida.eide@masfjorden.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 56166300

Lokasjon

  • Hosteland

Søknadsfrist

Januar 1, 2025