Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!
Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraftkonsernet. Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 1900 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Sygnir AS har om lag 80 tilsette.
Arbeidsoppgåver
Våre energimontørar skal aktivt jobbe med trygg og effektiv bygging og drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert og omfattar
- Byggje, montere og dokumentere kabelanlegg, nettstasjonar, sekunderstasjonar og linjer i små og store prosjekt
- Drift og vedlikehald av eksisterande nettanlegg
- Rettleie og vere førebilete for lærlingane
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Fagbrev som energimontør
- Førarkort kl. B
- Gjerne førarkort kl. C
Du tek HMS på alvor og tek aldri snarvegar. Du er med og skapar ein trygg og sikker arbeidskvardag. Arbeidet utfører du med fagleg dyktigheit og er ein problemløysar.
Du likar å arbeide sjølvstendig, men har gode samarbeidsevner. Dei digitale verktøya lærer du deg og nyttar aktivt. Du beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Som energimontør i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegar, samt faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver.
Oppmøtestad er Lærdal.
Både nyutdanna og erfarne vert oppfordra til å søkje. Vi ønskjer særleg kvinnelege søkjarar.
For meir informasjon ta kontakt med overmontør Hans Erik Vikøren på tlf. 990 99 043.
Send søknad og CV til jobb@sygnir.no innan 21. juni 2021. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande til intervju så snart vi har motteke søknaden.