Avdelingsleiar – Stord vgs
Stord vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Om stillinga
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vaksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Skulen har ledig ei fast stilling i 100% som avdelingsleiar frå 01.10.2023 eller etter avtale. Det er aktuelt med ansvar for deler av yrkesfag som Sal, service og reiseliv og Informasjonteknologi- og medieproduksjon, i tillegg vil andre seksjonar vera aktuelle. Avdelingsleiaren inngår i skulen sitt leiarteam og rapporterar til rektor.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 10.08.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Avdelingsleiar – Stord vgs
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4679910928
Arbeidsoppgåver
Ansvar for å utvikle og leie avdelinga
Personalansvar for tilsette i avdelinga
Undervisning kan inngå i stillinga
Fellesoppgåver knytt til dagleg drift og pedagogisk leiing
Tett samarbeid med næringsliv og andre eksterne instansar
Endeleg fastsetting av arbeidsoppgåver og ansvar vil bli gjort ut frå ei heilskapsvurdering av kompetanse og arbeidsfordeling i heile leiinga.
Kvalifikasjonar
Våre krav:
Til alle pedagogiske stillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
Høgare utdanning og min 60 stp. i fag ein evt kan undervise i.
Det er ynskjeleg med kompetanse/erfaring innan områder som:
Leiarutdanning og/eller leiarerfaring
Spesialpedagogisk kompetanse
Studiespesialiserande fagområder/fellesfag
Erfaring frå vidaregåande skule, eller anna relevant erfaring.
God kompetanse innan IT og skuleadministrative program.
Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune blir tilsett med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Tydeleg leiar med vilje og evne til pedagogisk leiing og utviklingsarbeid
God på kommunikasjon, både munnleg og skriftleg
Løysingsorientert
God lagspelar, men samtidig kunne arbeide sjølvstendig
Strukturert og dynamisk
Me tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Vera del av leiarteamet
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Adresse:Saghaugen 3, 5411 Stord, Norge
Kontaktinformasjon
Ellen Strandenes, rektor
Telefon: 926 24 455
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.