Søknad

Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgjeven av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.

 

Om stillinga

Eidfjord kommune har ledig fast stilling i 100 % som rådgjevar IKT . Stillinga inngår som ein av to stillingar i IKT-avdelinga. 

Eidfjord kommune har eit nært IT-samarbeid med kommunane Ulvik og Kvam basert på felles Tennant, Intune, Entra , VM, Microsoft og Veeam servermiljø.  IT har ansvar for drift og utvikling av kommunen sin infrastruktur og utstyr med 
nærare 1000 einingar. 

Tilsette i kommunen nyttar Microsoft 365 produkta som basis arbeidsverktøy.  Auka digitalisering går føre seg i alle sektorane, og IT vil ha ei sentral rolla i digitaliseringsarbeidet med å gje råd, planleggja, tilretteleggja og fylgja opp 
einingane si digitale utvikling. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, planlegging og tilrettelegging av kommunen og einingane sine behov. Vurdera implementering av sentrale føringar frå stat, KS, Helsecirt, NSM. m fl
  • Digitalisering og tilpassa IT-løysingar
  • Sikra stabil IT-drift og brukarstøtte
  • Bidra til at tenestene nyttar digitale løysingar
  • Ivareta informasjonstryggleik
  • Forvalta IT- system portefølje

 

Ynskte kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan IT eller liknande (relevant erfaring kan kompensera for utdanning). God forståing for IT-infrastruktur og tryggleik
  • Gode evner til å tileigna seg djupnekunnskap om behov og vurdera løysingar
  • Gode samarbeidsevner
  • Førarkort klasse B

 

Me tilbyr

  • Ei utfordrande stilling med faglege utviklingsmogelegheiter. 
  • Forma framtida sine digitale tenester i Eidfjord kommune
  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og løn etter avtale
  • God pensjonsavtale (KLP)
  • Eidfjord er ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som til einkvar tid fylgjer av gjeldande lover og tariffavtalar. 

 

Tilsetjingsvilkår

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. 

Velkomen som søkjar!

 

Anna info

Arbeidsspråk er nynorsk.

 

Spørsmål

For spørsmål om stillinga kontakt:

  • Rådgivar Olav Arne Stuland, mob.: 91342913
  • HR-sjef Eivind Gregersen, mob.: 9848879