
Instruktør maritim ved Sikkerheitssenteret i Måløy
Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr sikkerheitsopplæring og maritime kurs for personell i industri, skipsfart, fiskeri- og havbruksnæring. Kurssenteret er sertifisert og godkjend av DNV som maritimt treningssenter, og har godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet til å avvikle STCW-kurs. Sikkerheitssenteret i Måløy er ei avdeling ved Måløy vidaregåande skule.
Vi søker Instruktør maritim som trivst med ein variert teoretisk og praktisk kvardag. Du vert motivert av å gi opplæring, og trivst med å gi våre kundar god oppleving og service ved kurssenteret. Hos oss vil du få utfordringar både ved kontorpulten, i klasserommet og ute i felt ved gjennomføring av praktiske øvingar. Høyres dette spennande ut? Då ønsker vi deg med på laget!
Søknadsfrist: 23.03.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Deknepollen
Stillingstittel: Instruktør maritim ved Sikkerheitssenteret i Måløy
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5080835716
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av teoretisk og praktisk opplæring
- Bidra i praktiske øvingar i vår kursportefølje
- Tilsyn og vedlikehald av utstyr
- Utvikling av læremateriell og kurstilbod
- Aktivt medvirkning i drift- og utviklingsarbeid
- Dialog med kundar og samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Maritim utdanning frå fagskule eller høgskule
- Dekksoffiser klasse 3 eller høgare
- Erfaring frå skipsfart
- God IT-kunnskap
- Erfaring med opplæring og/eller pedagogisk kurs er ønskeleg
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon og formidlingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
- Truckførarbevis er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Blid, omgjengeleg og løysingsorientert
- Dyktig til å bygge og vedlikehalde gode relasjonar
- Påliteleg, strukturert, ryddig og fleksibel
- Aktiv i utviklingsarbeid
- Samarbeider mot individuelle og felles mål
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljøet
- God fysisk form
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Jobb i eit team med tett samarbeid for å nå felles mål
- Variert kvardag med teoretiske og praktiske oppgåver inne og ute
- Personleg og fagleg utvikling
- Eit profesjonelt, inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Fleksitid
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stillinga krev stor grad av fysisk oppmøte. Noko reiseaktivitet kan forekomme.
Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen, Norge
Kontaktinformasjon
Mona Bakke Svarstad
avdelingsleiar
Telefon:91620364
E-post:[email protected]
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

