Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune

Vikariat undervisningsstilling i faga engelsk, samfunnskunnskap, religion, naturfag, geografi og kroppsøving.

 

Eid vidaregåande skule har ca. 330 elevar fordelt på fem utdanningsprogram, og ca. 70 tilsette og er ein framtidsretta skule som ligg idyllisk til midt i Nordfjord-regionen, omkransa av vakker natur. Skulen tilbyr eit variert spekter av utdanningstilbod:

– Studiespesialiserande
– Påbygg til generell studiekompetanse
– Helsefag med studiekompetanse
– Elektro og datateknologi
– Teknologi og industrifag
– Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
– Nettbasert tilbod – påbygg til generell studeikompetanse for vaksne

Har du utdanning og erfaring frå undervisning innan eit eller fleire av faga engelsk, samfunnskunnskap, religion, naturfag, geografi og kroppsøving? Då er kanskje eit vikariat som lærar ved Eid vidaregåande skule vere staden for deg.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:11.01.2026
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Stillingstittel:Vikariat undervisningsstilling i faga engelsk, samfunnskunnskap, religion, naturfag og geografi.
Stillingar:2
Heiltid / Deltid:Heiltid
Tilsetjingsform:Vikar
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:5056617561
Startdato:01.02.2026

Arbeidsoppgåver

Undervisning på studiespesialiserande i programfag og fellesfag, og undervisning i fellesfag på yrkesfaglege utdanningar.
2 stillingar med inntil 100% stilling kvar – vikariat undervisning i faga engelsk, samfunnskunnskap, religion, naturfag, geografi og kroppsøving.

Vikariata vil vare til 31.07.2026, og til 31.12.2026.

Kvalifikasjonar

Du må ha minst 60 studiepoeng i relevante fag. Det er ein fordel om du har erfaring frå vidaregåande opplæring og med kontaktlærararbeid.

Personlege eigenskapar

Du må like ungdom, vere fleksibel og strukturert.
Du må ha evnen til å sjå det beste i elevane og får dei til å ville ta ut sitt potensiale.
Samarbeidsevne og teamjobbing er ein viktig del av jobben.
God på klasseleiing og god relasjonskompetanse.
Du har evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Vi tilbyr

Trygt og godt arbeidsmiljø.
Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Vilkår

Godkjend politiattest av nyare dato er eit vilkår for å verte tilsett i vidaregåande skule.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om han har bede om å ikkje verte ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om slikt unntak vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søk på stillinga her.

 

Kontaktinformasjon

Cecilie Bjørlo
avdelingsleiar
Telefon:90662156

Alf Reidar Myrstad
rektor
Telefon:+47 90962632

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Alf Reidar Myrstad
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 909 62 632
  • Cecilie Bjørlo
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 906 62 156

Lokasjon

  • Nordfjordeid

Søknadsfrist

Januar 11, 2026