Driftsteknikar/Byggdriftar
Rådhusdrift
100 % fast stilling ledig for tiltreding 01.04.20 eller etter avtale.
Rådhusdrift har ansvaret for dagleg drift og vedlikehald av tekniske installasjonar i heil rådhuskvartalet som består av rådhuset, kjøpesenteret Kremmergaarden, bibliotek og parkeringsanlegget til Ålesund
Parkering.
Rådhusdrift er òg ansvarleg for å leggje til rette for møteaktivitet på rådhuset og oppfølging i samband med dette.
Arbeidsoppgåver
Tilsyn og oppfølging av drift og vedlikehald av sentralvarme- /kjøleanlegg, ventilasjonsanlegg, pumper, sanitæranlegg, brannteknisk utstyr og elektriske anlegg.
Ein vil og bli delaktig i å sørge for at tekniske installasjonar som til dømes heisanlegg, brannvarsling, låssystem og andre tilhøyrande tekniske anlegg i bygget fungerer som dei skal, samt delta i vedlikehald av bygg og anlegg på andre område.
Dagleg oppfølging av varmeenergiforbruk / EOS energioppfølgingssystem.
Aktiv bruk av FDV-system (“Main Manager”) som vil bli fornya i år.
Kvalifikasjonar
Krav til fagbrev innanfor relevante fagområde, primært innanfor drift av bygg/driftsteknikk.
Det er ein fordel om søkjaren har;
Erfaring med oppfølging og vedlikehald av større bygningsmasse med tilhøyrande tekniske anlegg.
Erfaring som maskinist eller tilsvarande.
Kunnskap om og erfaring fra å arbeide med PC/datanettverk, FDV, SD-anlegg vil bli vektlagt.
Må kunne meistre norsk godt både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein ryddig person som er effektiv, har god evne til samarbeid og kan bidra til å utvikle drifta ved rådhuset.
Vi tilbyr
Ein spanande og veldig allsidig jobb med normal arbeidstid 08:00-16:00, sett bort frå kvar 4. uke kor ein har ansvar for å låse opp bygget frå kl 07:00.
Søknadsfrist: 19.02.2020
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Stad: Ålesund
Tittel: Driftsteknikar/Byggdriftar
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsettingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4182666104
Stillinger: 1
Startdato: 01.04.2020
Arbeidsstad Keiser Wilhelmsgate 11, 6002 Ålesund
Kontaktinformasjon
Kai Rune Gjervik, Driftsteknisk leiar
957 36 051
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.