Driftsplanleggar

 

Ved arena Skjold er det no ei ledig stilling som driftsplanleggar. Hovudoppgåver for stillingane er planlegging av driftstiltak innan ulike fagområder og ressursstyring av driftspersonell. Dette inneber produksjonsansvar for drift og deler av vedlikehald av bygningsmassen.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova – jamfør særleg offentleglova § 25.

Les mer om Forsvarsbygg på vår nettside www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og prioritere alle tiltak som skal gjennomførast av driftsavdelinga innanfor ansvarsområdet i samråd med driftsplanleggar drift.
  • Fortløpande oppdatere driftsplan med avvik/oppfølgingspunktar frå gjennomførte tiltak, og eventuelle nye tiltak.
  • Koordinere andre tiltak på eigen arena, og inkludere desse i driftsplan.
  • Saman med leiar vurdere tiltak mot kjøpe/lage-strategi og gjennomføringskapasitet i driftsavdelinga.
  • Følge opp tekniske utfordringar og driftsplanmessige avvik, herunder utforme, anbefale og implementere avvikskorrigerende tiltak.
  • Vere lokal brukarstøtte brukar av Xpand og forestå opplæring av lokale brukarar.
  • Utarbeide rapportar og dokumentasjon på status i høve til driftsplan, HMS, økonomi, IK og eventuelle avvikskorrigerande tiltak.
  • Bistå i budsjettering og økonomioppfølging.
  • Andre oppgåvar etter behov.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan relevant håndverkarfag. Kan ein dokumentere at ein har opparbeida seg tilstrekkelege kvalfikasjonar på ein anna måte, kan det kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå ressurs- og produksjonsstyring.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå økonomistyring og prosjektleiing
  • Erfaring med drift- og vedlikehaldsplanlegging og planleggingsverktøy, til dømes Xpand.
  • Gode datakunnskapar.
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Kandidaten må ha god vandel og kunne tryggingsklarerast til Hemmeleg/ Nato Secret.

Personlege eigenskapar

  • God gjennomføringsevne og initiativrik
  • Endringsvillig
  • Strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn som driftsleiar (kode 1137) frå kr 472 000 (ltr. 53) til kr. 563 700 (ltr. 63) årleg iht Statens lønnsregulativ
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar

Søknadsfrist: 17.03.2020

 

Arbeidsgjevar: Forsvarsbygg

Stad: Øverbygd

Tittel: Driftsplanleggar Skjold

Heiltid / Deltid: Heiltid  Tilsettingsform: Fast  Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4168251262

Stillingar: 1

Arbeidsstad Skjold leir, 9334 Øverbygd

 

Kontaktinformasjon

Ola Kvammen, Arenaleder

 97048743

 

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.

Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.

«Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.»

Del stillingen

Selskap

Forsvarsbygg

Kontaktinfo

  • Ola Kvammen
  • Tittel: Arenaleder
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 970 48 743

Lokasjon

  • Øverbygd

Søknadsfrist

Mars 17, 2020