Driftsoperatør/vedlikehaldsarbeidar

 

 

Om stillinga

Eining for teknisk drift og reinhald har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale eigedomar, vegar, vass- og avløpsanlegg, samt reinhaldet i kommunen. Eininga er ei serviceretta verksemd som held til i lokaler på Frøland.

Eininga har ledig 100 % vikariat i driftsavdelinga. Vikariatet er ledig omgåande med varigheit på eitt år og moglegheit for forlening.

Det kan bli aktuelt for den som blir tilsett å bli ein del av brannberedskapen i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av kommunale vass- og avløpsanlegg, kommunale eigedomar og uteområde/parkar
  • Drift og vedlikehald av vegar, grøftar o.l.
  • Drift og vedlikehald av idrettsanlegg og basseng
  • Gjennomføra kvalitetssikring, internkontroller og aviksrapportering
  • Inngå i kommunen sine beredskapsplanar med vaktordningar
  • Andre arbeidsoppgåver innanfor fagfelta kan bli tillagt stillinga

 

Kvalifikasjonar

Krav

  • Fagbrev innan relevante fagområder
  • Relevant erfaring
  • Grunnleggjande datakunnskapar, og må kunne nytta digitale verktøy
  • Førarkort – klasse B og traktor

Ønskjer

  • Erfaring fra vintervedlikehald og bruk av traktor
  • Maskinførerbevis
  • Elektro og mekanisk erfaring
  • Byggdrift
  • Varme\kjøle teknisk kompetanse

 

Personlege eigenskapar

  • Du må vera serviceinnstilt, samarbeidsvilleg og kunne forhalda deg til kommunen sine innbyggjarar
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig og lett tileigna deg nye oppgåver
  • Du er initiativrik og lika å halda deg fagleg oppdatert
    Du ha ei strukturert arbeidsform
  • Du trivast med fysisk arbeid
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde

 

Me tilbyr

  • Ein varierande og spennande arbeidskvardag
  • Stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • Vaktordning med vekesvakter og vinterberedskap
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

 

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

 

Om oss

Samfunnsutvikling held til i gode lokale på Frøland. Her får du eige kontor med utsikt mot fjell og vatn. På Frøland kjem du inn i eit godt arbeidsmiljø med andre tilsette som jobbar med kommuneplan, oppmåling, prosjekt, kommunaltekniske tenester, klima, miljø og naturforvaltning. Me er omlag 20 tilsette som jobbar tett saman i team om å drifte og utvikle tenestene og kommunen.

 

Samnanger kommune

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk.

Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.

 

Spørsmål om stillinga

Erik Espelid
Konstituert einingsleiar
48286268
erik.espelid@samnanger.kommune.no

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 30. juni 2024
Arbeidsgivar: Samnanger kommune
Kommune: Samnanger
Omfang: Heiltid
Varigheit: Vikariat/mellombels
Arbeidsstad: Kvitingsvegen 85, 5650 Tysse

Del stillingen

Selskap

Samnanger kommune

Kontaktinfo

  • Erik Espelid
  • Tittel: Konstituert einingsleiar
  • E-Post: erik.espelid@samnanger.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 48286268

Lokasjon

  • Tysse

Søknadsfrist

Juni 30, 2024