Driftsoperatør
Vi har 2 ledige stillingar som driftsoperatør i avdeling eigedom med hovudoppgåver innanfor drift og vedlikehald av kommunale bygg.
Teknisk drift og eigedom er eit tenesteområde organisert med med ansvar for kommunal bygningsmasse, reinhald og tenesteyting innanfor park og kyrkjegard, veg, vatn og avløp. Avdeling eigedom har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av den kommunale bygningsmassen.
Vi har fokus på eit godt arbeidsmiljø som skal gi oss betre og meir effektiv tenesteproduksjon. Ørsta kommune er inne i ei aktiv utvikling, med mange oppgåver som må løysast i åra som kjem.
Søknadsfrist: 03.04.2024
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Stad: Ørsta
Stillingstittel: Driftsoperatør
Stillingar: 2
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4771500171
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av kommunale bygg m/uteområde for å sikre trygg og kontinuerleg drift
- Drift og vedlikehald av byggtekniske anlegg: Bla.varmesentral og ventilasjon, SD-anlegg, brann- og naudlys, bassengdrift m.m.
- Energioppfølging
- Oppfølging av underleverandørar/serviceavtalar
- Internkontroll av bygg og tekniske anlegg
- Følge opp i daglege eigars ansvar, jf. forskrift om brannførebygging
- Famac-web vert nytta som FDV-system
- Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga
- Tenesta har f.t. vaktordning for dei kommunale bygningane og ein kan verte pålagt å delta i denne vaktordninga
- Deltaking i anna kommunal vaktordning kan også være aktuelt for rett kandidat (brøytevakt/brannkonstabel)
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ein person med interesse for faget, som kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid og positive haldningar
- Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav om fagbrev, enten som byggdriftar, elektro, automasjon, VVS eller bygg
- Arbeidserfaring innanfor nemnde områder og personlege eigenskapar kan erstatte relevant fagbrev
- Krav om førarkort kl. BE og T
- Ønskjeleg med liftsertifikat
- Gode kommunikasjonsevner med god munnleg/skriftleg framstilling
- Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og positive haldningar
- Sjølvstendig og løysingsorientert
- Strukturert og fleksibel i høve arbeidsoppgåver
- Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest etter opplæringslova § 10-9 og barnehagelova § 30
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål å gi ei betre og meir effektiv teneste
Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Fleksibel arbeidstid
Stillinga vert plassert i kap. 4 i HTA ut i frå formell kompetanse. Stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter kvalifikasjon og avtale ved tilsetting.
For faste stillingar er det 6 mnd. prøvetid.
Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar og røynsle frå tidlegare arbeid.
Personlege eigenskapar vert vektlagdeReferansar vert nytta og aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Ripateigane 4, 6153 Ørsta, Norge
Kontaktinformasjon
Ulf Kristian Rognstad
Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom
Telefon:951 55275
E-post:ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no
Odd-Robert Støylen
Avd.leiar eigedom
Telefon:908 65594
E-post:odd.robert.stoylen@orsta.kommunen.no
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap