Diakon/diakonimedarbeider
Seljord sokn
Seljord sokn har ei 70% diakonstilling der stillinga er fordelt 50/50 på ungdomsarbeid og tradisjonelt diakonarbeid. Seljord kommune har om lag 2 900 innbyggarar, og har tre kyrkjer og eitt kapell, og har tre sentrum av ulik storleik, Seljord, Flatdal og Åmotsdal. Kontorstad er i Seljord. Aktuelle søkarar blir innkalla til intervju.
Start i jobb: 01.10.2022 eller etter avtale.
Søknadsfrist: 01.06.2022
Arbeidsgivar: Seljord sokn
Stad: Seljord
Stillingstittel: Diakon/diakonimedarbeider
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 70
Webcruiter-ID: 4519332261
Arbeidsoppgåver
Ansvar for konfirmantundervisninga i Seljord med deltaking på leirar i samarbeid med «Ønsket og Elsket» og konfirmantansvarlege frå heile prostiet.
Relasjonsbygging og diakonalt arbeid retta mot ungdom i kommunen.
Samtaler og omsorgsarbeid, deltaking på arrangement på institusjonar og i kyrkjer og forsamlingshus, og noko utrusting av frivillige medarbeidarar i Seljord sokn.
Eventuelt samarbeid med ulike grupper i kommunen, som til dømes innanfor psykiatrien, både den kommunale og DPS Seljord, Seljord frivilligsentral og i Raudekrossen i Seljord.
Delta i trusopplæring, sorgarbeid, kriseteam, og i ulike tiltak som er retta mot ungdom.
Ta del i arbeidet med kyrkjebladet «Helg og Høgtid».
Arbeidsoppgåver kan tilpassast til diakonen si interesse og erfaring.
Kvalifikasjonar
God fagleg bakgrunn, og diakonen skal arbeide på grunnlag av stillingsinstruks, tenesteordning for diakonar, og plan for diakoni for Den norske kyrkja.
Innfri utdanningskrava til diakon og må vera medlem av DNK, og dele DNK si tru og vedkjenning.
Interesserte med relevant grunnutdanning som ynskjer å vidareutdanne seg til diakon er velkomne til å søke, og kan tilsettast som diakonimedarbeidar.
Må beherske norsk språk munnleg og skriftleg, Seljord har nynorsk som hovudspråk.
God digital kompetanse, fortruleg med bruk av sosiale media.
Må ha førarkort og kunna disponere eigen bil i tenesta, og må legge fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Omsorgsfull og med evne til å møte både unge og eldre i alle slags livssituasjonar.
Positiv og utovervendt med godt humør.
Ryddig og systematisk med evne til å organisere.
Gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr
Kontorfellesskap med sokneprest, organist/trusopplærar, kyrkjeverje og prost.
I tillegg fellesskap med ungdomsprest og ungdomsarbeidar i det prostibaserte tiltaket «Ønsket og Elsket»
Pensjonsordning i KLP og tilsetjingsvilkår etter tariffavtale med KA.
Plusstid blir avspasert etter avtale.
Hjelp til å skaffe bustad.
Eventuell kombinasjon med 20-30% som trusopplærar eller anna form for kyrkjelydsarbeid.
Stillingsprosent: 70-100
Adresse arbeidssted: Brøløsvegen 48b, 3840 Seljord
Søk på stillingen her.
Kontaktinformasjon
Bergit Lisleåsheim Telnes, soknerådsleiar
906 91 674
Jon Svartdal, kyrkjeverje
917 23 967