Diakon
- Ål kyrkjelege fellesråd
- Sundrevegen 64, 3570 Ål
Vil du å vera med å utvikle ei levande og aktiv folkekyrkje i Ål?
Me har ledig 100% fast stilling som diakon.
Kyrkjekontoret og Ål kyrkje held til sentralt på Ål, og det er soknekyrkjer i Leveld og på Torpo. I tillegg til kyrkjeverje består staben av diakon, kyrkjelydspedagog, tre kyrkjetenarar, to sekretærar og to kyrkjemusikarar. Prost, sokneprest og prostiprest har også kontorfellesskap her.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Diakonen vil få ansvar for:
- Leie det diakonale arbeidet i tråd med lokale diakoniplanar
- Oppfølging og utvikling av eksisterande oppgåver der arbeid med eldre, integrering av framandkulturelle og arbeid med born og unge er prioritert.
- Oppfølging av frivillige
- Diakonen tek del i trusopplæringa og gudstenestene i sokna.
Ønska kvalifikasjonar
Utdanning i samsvar med tenesteordninga for diakonar.
Personlege eigenskapar
Søkjaren må vera personleg skikka til stillinga og det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Omgjengeleg og ha evne til å bygge gode relasjonar
- Kunne motivere og vidareutvikle diakonarbeidet i Ål
- Målretta og samtidig fleksibel
Me tilbyr
- Ein variert jobb der ingen dagar er like
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtaleverk i kyrkjeleg sektor
- Pensjonsordning i KLP
Den som vert tilsett vil være med på å utforme diakoniarbeidet i samarbeid med diakoninemndene.
Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Målform i Ål kommune er nynorsk.
Meir om stillinga hjå leiar i fellesrådet Torfinn Slåtto tlf 99513142
Søknad sendes via link i annonsen på kirkejobb.no.
Søknadsfrist 12. oktober
Kontaktinformasjon
Torfinn Slåtto, Leiar i Fellesrådet, 995 13 142
Arbeidssted
Sundrevegen 64
3570 Ål
Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgiver: Ål kyrkjelege fellesråd
- Referansenr.: 4713721060
- Stillingsprosent: 100%
- Fast
- Søknadsfrist: 12.10.2023
Om arbeidsgiveren
- Arbeidsgiver: Ål kyrkjelege fellesråd
- Hjemmeside: http://www.kirken.no
Om stillingen
- Stillingstittel: Diakon
- Antall stillinger: 1
- Ansettelsesform: Fast
- Prosent: 100 %
- Heltid/deltid: Heltid
- Sektor: Offentlig
Søknadsfrist: 12. oktober 2023