DAL – DALE VGS, Vestland fylkeskommune

Vikariat i breiddeidrett/kroppsøving og rådgjeving

 

VIKARIAT I BREIDDEIDRETT/KROPPSØVING med meir ved DALE VIDAREGÅANDE SKULE frå februar 2025

Dale vidaregåande skule ligg i Dale i Sunnfjord som er kommunesenteret i Fjaler kommune. Skulen tilbyr Studiespesialiserande, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Teknologi- og industrifag, Industriteknologi og Påbygging. Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Det er i dag 170 elevar og ca. 40 tilsette ved skulen. Visjonen vår er «Vilje til visdom og vennskap». Heimeside: www.dale.vgs.no

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 28.10.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Dale i Sunnfjord
Stillingstittel: Lærar i breiddeidrett og kroppsøving
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4857329991

Arbeidsoppgåver

Kroppsøvingslæraren vår skal ut i svangerskapspermisjon, derfor søkjer vi etter ein vikar som kan undervise i breiddeidrett og kroppsøving i ca. 70%. Vikaren må gjerne ha undervisningskompetanse i andre vgs-fag eller vere interessert i karriererettleiing/rådgjeving eller spes.ped., slik at vi kan greie å fylle opp til 100% stilling.

Vikariatet startar ca. 15. februar 2025 og går fram til januar 2026. Dette kan avklarast nærmare.

Arbeidsoppgåvene består først og fremst i undervisning i kroppsøving på ulike trinn og breiddeidrett på vg2/3 studiespesialiserande. Dette inneber opplæring/undervisning med tett oppfølging av elevar gjennom rettleiing og vurdering. Lærar utarbeider digitale arbeidsplanar og gir elevane høve til å vere aktive og utvikle fagkunnskapar ut frå sine føresetnader.

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse i kroppsøving og gjerne fordjuping i idrettsfag.
  • Idrettsfagleg utdanning frå høgskule eller tilsvarande.
  • Erfaring frå og aktiv deltaking i ulike ballidrettar.
  • Praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
  • Ønskjeleg med god digital kompetanse.
  • Interesse for karriererettleiing/rådgjeving.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein engasjert og fagleg dyktig lærar som er strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst.
  • Du må vere ein som liker å arbeide med ungdom og som har evne til å motivere og engasjere elevar til gode læringsøkter.
  • Vi ønskjer at du skal vere utviklingsorientert, ha gode samarbeidsevner og vere interessert i å byggje gode relasjonar til elevar og kollegaer.
  • Du jobbar i tråd med skulen og fylkeskommunen sine mål og strategiar.

Vi tilbyr

  • løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis
  • gode fylkeskommunale pensjons- og forsikringsordningar
  • eit inkluderande og spennande arbeidsmiljø
  • eit stimulerande fellesskap med kollegaer
  • gode undervisningsfasilitetar

Andre opplysningar

  • Vestland fylkeskommune har offentlege søkjarlister.
  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest av nyare dato.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:  Jarstadvegen 28, 6963 Dale i Sunnfjord

Kontaktinformasjon

Gro Fivelsdal, rektor
Telefon:  901 49 611

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Gro Fivelsdal
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 901 49 611

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

Oktober 28, 2024