Dagleg leiar / menighetsforvalter

 

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Om stillinga

Ørskog og Skodje er dei to sokna som ligg lengst aust i Ålesund. Dei to bygdene har ca 1700 og 3800 medlemmar. Spjelkavik sokn ligg vest for desse og med ca 17500 medlemmer og er den største kyrkjelyden i Den norske kyrkja. Bydelane har vakker natur med gode forhold for friluftsliv, både sommar og vinter. Ørskog kyrkje er ei langskipskyrkje med 600 sitteplassar. I tillegg har Ørskog sokneråd eit kyrkjetorg med bruktbutikk og gode lokalar for aktivitetar. Skodje kyrkje er ei langskipskyrje med ytre krossform med om lag 350 sitteplassar. Spjelkavik har ei moderne arbeidskyrkje med plass til om lag 550 personar og ein full kjeller med saler og rom til aktivitetar. I tillegg har Spjelkavik kyrkjelyd ei interimkyrkje på Ålesund folkehøgskole for bydelane frå Emblem til Vegsundet.

Kyrkjelydsarbeidet i sokna er bredt og variert med tilbod til barn, unge, vaksne og eldre. Det er eit stabsfellesskap mellom Ørskog og Skodje, kvar kyrkjelyd har sin egen sokneprest mens dei deler ein kantor, ein kyrkjelydspedagog, ein kyrkjetenar og ein kateket. I Spjelkavik er det 3 prestar, 1 kateket, 2 i trusopplæringa, ein kyrkjetenar ein diakon og ein frivilligkoordinator.

Vi søkjer ein trygg og tydeleg leiar som ønskjer å være med å lede arbeidet i kyrkjelydane. Tilrettelegging av arbeidet i sokneråda og leiing og koordinering av stabane er dei sentrale arbeidsoppgåvene.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 21.04.2024
Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Dagleg leiar / menighetsforvalter
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4787885292

Arbeidsoppgåver

Følgje opp at verksemda drives i samsvar med vedtak og planar fastlagt av sokneråda
Utføre sakshandsaming og økonomiforvaltning for sokneråda
Deltaking i strategi-, plan- og utviklingsarbeid i sokna
Utføre andre administrative oppgåver
Koordinering og oppfølging av de to kyrkjestabane
Personalansvar for fellesrådstilsette i samråd med avdelingsleiar

Kvalifikasjonar

Du har utdanning innan personalleiing, økonomiske og/eller administrative fag
Relevant erfaring kan eventuelt kompensere for utdanning
Kjennskap til kyrkjeleg verksemd eller annan offentleg forvaltning
Du har gode munnlege og skriftlege framstillingsevner

Personlege eigenskapar

Gode leier-, samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Du kan jobbe både sjølvstendig og i team.
Kjenne til kyrkja si verksemd og utføre arbeidet i tråd med kyrkja si verdigrunnlag

Vi tilbyr

Det er pliktig pensjonsmedlemskap i KLP, med 2% trekk av brutto løn til pensjonsinnskott.
Løn ut i frå kvalifikasjonar og tråd med tariffavtaler

Anna

Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
Førerkort i klasse B. Du må disponere egen bil i arbeidstid
Den som for tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr. Lov om tros- og livssamfunn § 20

Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje Andrea Hunger, tlf. 478 30 069 eller e-post [email protected]

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund, Norge

Kontaktinformasjon

Andrea Hunger, Kyrkjeverge
Telefon:  478 30 069

 

Om arbeidsgivaren

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

 

Del stillingen

Selskap

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Andrea Hunger
  • Tittel: Kyrkjeverge
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 478 30 069

Lokasjon

  • Ålesund
  • Ørskog
  • Skodje

Søknadsfrist

April 14, 2024