Alvedalsvatnet og ein kano

 

Barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande, i inntil 200% fast

 
 
Om stillingane 

Byrknes barnehage og skule har frå nytt skuleår, august 2025, ledig fylgjande stillingar: 

  • I inntil 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande kompetanse  
  • I inntil 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande kompetanse 

Stillingane er i hovudsak knytt til avdeling skule og SFO, men arbeidsoppgåver i barnehage kan vere aktuelt ved behov.

Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Det er pr. no 45 elevar ved skulen. Klikk deg inn her for meir informasjon om skulen. Ved Byrknes barnehage og skule er det læring og trivsel som står i høgsetet. Eininga er oppteken av å ha eit trygt og godt skulemiljø, kor gode relasjonar mellom elevar og vaksne er avgjernade for ein god skulekvardag.

 

Arbeidsoppgåver 

  • Medverke til at skule, SFO og barnehage er ei god pedagogisk verksemd 
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna 
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda 
  • Arbeidsoppgåver knytt til enkeltborn 
  • Arbeidsoppgåver knytt til elevar frå Ukraina 
  • Andre oppgåver etter behov

 

Kvalifikasjonar 

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels tilsetjing 
  • Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
  • Politiattest 

 

Personlege eigenskapar 

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
 
Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Løn etter tariff 
 

Om oss

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  
 
Spørsmål om stillinga

Evelyn Monslaup
Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
+4796625226
evelyn.monslaup@gulen.kommune.no

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 4. april 2025
Arbeidsgivar: Gulen kommune
Kommune: Gulen
Omfang: Heiltid (2 stillingar)
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy

Del stillingen

Selskap

Gulen kommune

Kontaktinfo

  • Evelyn Monslaup
  • Tittel: Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
  • E-Post: evelyn.monslaup@gulen.kommune.no
  • Mobil/Tlf: +47 966 25 226

Lokasjon

  • Byrknesøy

Søknadsfrist

April 4, 2025