Bremanger Kyrkjelege Fellesråd – Svelgen

OPPSYNSMANN/ KYRKJEGARDSARBEIDAR

 

Svelgen

Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig 50 % stilling som Oppsynsmann for kyrkjer og kyrkjegardar/gravplassar med tiltreding snarast råd.

Arbeidsoppgåvene er m.a. vedlikehaldsarbeid ved kyrkjer og kyrkjegardar/gravplassar og ansvar for at desse vert halde i orden. Arbeid med opning og lukking av grav er ein del av dette. Det er eit mål å vedlikehalde kyrkjegardane/ gravplassane slik at dei har ein verdig standard og kan vere ein god stad å kome til. For å nå dette målet, treng vi ein dyktig medarbeidar som kan bruke sin kompetanse på stell og vedlikehald av kyrkjegardane/ gravplassane, og som kan møte dei menneska som kjem dit på ein god måte. Det er ønskjeleg med ein person med kompetanse til å utføre vedlikehald på kyrkjene.

Tenesteområde for stillinga er heile kommunen. Det er utarbeidd instruks for stillinga.

Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale med 6 månaders prøvetid. Pensjonsordning gjennom KLP.

Den som vert tilsett må ha førarkort, helst BE. Det er og ønskjeleg med sertifikat for andre typar maskiner, for eksempel gravemaskin. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av gjeldande lover og føresegner, med 6 månader gjensidig prøvetid.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger,
e-post: [email protected] eller tlf. 91706595.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål vert å sende innan 18.mars:
Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller på e-post til
kyrkjeverje ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver Bremanger kyrkjelege fellesråd

Om stillingen

Stillingstittel OPPSYNSMANN/ KYRKJEGARDSARBEIDAR

Antall stillinger 1

Ansettelsesform Annet

Heltid/deltid Deltid

Sektor Offentlig

Arbeidsspråk Norsk

 

Søk på jobben

Send søknad til

 

Kontaktperson for stillingen

Kyrkjeverje i Bremanger

41803976

[email protected]

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Bremanger Kyrkjelege Fellesråd
Adresse: Rådhuset, Granden 4, 6723 Svelgen

Hjemmeside:
https://www.kyrkja.no/bremanger

 

Del stillingen

Selskap

Bremanger kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Bjarki Hrafnsson
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: 917 06 595

Lokasjon

  • Bremanger

Søknadsfrist

Mars 18, 2024