Hallingdal brann- og Redningsteneste IKS, Torpo
BRANNFOREBYGGER
Me søkjer etter to brannforebyggjarar i 100% stilling
Ansvar og arbeidsoppgåver:
• Gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
• Saksbehandling
• Bruk av It systemet Komtek Brannforebygging
• Ansvar for eigen arbeidsbil og utstyr/verktøy
• Delta i informasjonsarbeid
• Etterleve verksemda sitt HMS system
Kvalifikasjonar:
• Svennebrev i feiarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav. Søkjarar utan svennebrev må ta utdanninga via eige utdanningsløp, og kurs på Norges brannskole etter tilsetting.
• Det er krav om førarkort klasse B for stillinga.
• Gode datakunnskaper.
• Gode norskunnskaper, både munnleg og skriftleg.
• Politiattest må leggast fram ved tilsetting. Anna/personlege eigenskapar: Personlege eigenskapar vert vektlagt høgt.
Me søkjer personar som:
• er pliktoppfyllande, strukturert og opptatt av kvalitet i utføring av arbeidet
• har god evne til å samarbeide og kommunisere med alle type menneskjer i alle samfunnslag
• har evne til å sette seg sjølv inn i andre sin situasjon
• er sosial og glad i å møte nye menneskjer
• trivs med å arbeide sjølvstendig
• vert motivert av å ta utfordringar
• kan være ein omdømmebyggjarforfaget og brannvesenet som tenesteleverandør
Me tilbyr:
• Spennande utfordringar.
• Lønn etter kvalifikasjonar.
• Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Ved spørsmål om stillinga eller ytterlegare informasjon, ta gjerne kontakt m/fagansvarleg Kjell Arne Liahagen, tlf. 913 22 606, mail: kjell.arne.liahagen@hbr.no Eller avd. leiarIngar Danielsen,tlf. 959 80 063, mail: ingar.danielsen@hbr.no
Søknadsfrist 31. januar
Søknaden sendast til: Hallingdal brann- og redningsteneste iks Torpomoen 27, 3579 Torpo britt@hallingdal-brannvesen.no
Om stillingen
Sted: Torpomoen 27, 3579 Torpo
Ansettelsesform: Fast
Heltid/deltid: Heltid
Antall stillinger: 2
Sektor: Offentlig
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver: Hallingdal brann- og Redningsteneste IKS
Adresse: Torpmoen, 3579 Torpo
Hjemmeside:
https://www.hbr-iks.no/
Hallingdal brann- og redningsteneste iks (HBR) har 100 heil- og deltidtilsette, og er organisert som eit interkommunalt selskap, der kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal og Ål er eigarar. HBR forvaltar brann- og redningstenesta i eigarkommunene, og har ein brannstasjon i kvar kommune. Administrasjonen i brannvesenet er lokalisert på Torpomoen i Ål kommune. Hovedmålet er å skape tryggheit, sikkerheit og omtanke i alle eigarkommunene. Hallingdal brann- og redningsteneste iks har som strategi å væra leiande når det gjeld brannfagleg ekspertise, kompetanseutvikling, teknologi og utstyr.