Blomsterdekoratør
Stillinga som blomsterdekoratør er ein del av bemanninga på den økologiske gardsbutikken på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH.)
Hovudarbeidsoppgåvene er blomsterbinding og tillaging av samanplantingar o.l. for sal via gardsbutikken.
I travle periodar vil det bli arbeid utanom ordinær arbeidstid; som t.d. ved bryllaup, konfirmasjon og gravferd.
Ved behov blir arbeidsoppgåvene og ordinært sal i gardsbutikken og arbeid med blomsterproduksjon.
Aktiv deltaking i team innafor arbeidsfeltet.
Det er ynskjeleg med snarleg tilsetjing.
- Søknadsfrist: 16.07.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stad: Aurland
- Stillingstittel: Blomsterdekoratør
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Deltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 60
- Webcruiter-ID: 4666611508
Arbeidsoppgåver
- Blomsterdekorasjon
- Arbeid utanom ordinær arbeidstid ved større tingingar; (bryllaup, konfirmasjon, gravferd)
- Anna arbeid i gardsbutikk og med blomsterproduksjon ved behov
- Aktiv deltaking i gardsbutikkteamet
- Marknadsføring og sal direkte via butikk, på telefon og nett
- Rapportering; dagsoppgjer og fakturagrunnlag
- Innkjøp
- Orientera om SJH sine eigenproduserte varer og andre varer som blir selt via gardsbutikken
- Meir informasjon om gardsbutikken
Kvalifikasjonar
- Relevant fagleg utdanning / ev. lang relevant arbeidserfaring innanfor fagområdet
- Ønskeleg med gartnarerfaring (ikkje eit krav) – stillinga kan då bli utvida til 100% stilling
- Kunnskap om sal, innkjøp og logistikk
- God økonomikunnskap/-forståing
- Kunnskap og engasjement for økologisk landbruk
- God kunnskap om SJH sine eigne økologiske produkt og om produkt frå andre leverandører
Personlege eigenskapar
- Kunde- og serviceorientert, blid og høflig
- Vera kreativ og kunne ta initiativ
- Arbeida sjølvstendig og saman med andre
- God samarbeidsevne
- Vera ryddig
Vi tilbyr
- Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Ein arbeidsstad med varierte arbeidsoppgåver
Skulevegen 24, 5745 Aurland, Norge
Kontaktinformasjon
Venke Sjursen
avdelingsleiar
Telefon:90122866
E-post:venke.sjursen@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Medarbeidar kjøkken / kokk – SJH – Administrasjon, Vestland fylkeskommune Fast
Webcruiter-ID: 4626796480
Aurland