Ungdomsleiar/Ungdomsprest
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Vi søker ein engasjert og erfaren ungdomsleiar eller ungdomsprest som kan drive og vidareutvikle ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd.
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd består av dei to sokna Os og Fusa. I Os bur det litt meir enn 20 000 innbyggjarar og kyrkjelyden har 2 kyrkjer, i tillegg til eit stort kyrkjelydshus i Os sentrum, Tunet kyrkje- og kultursenter. Os ligg om lag 3 mil frå Bergen, med godt kollektivsamband til og frå sentrum. Staben med base på Os tel 16 personar og omfattar mellom anna kateket, diakon, administrasjon for sokn og fellesråd, kantor, organist, barne- og familiearbeidar, trusopplæringsmedarbeidar, ungdomsarbeidar, dagleg leiar/kyrkjeverje og tre prestar tilknytta soknet. I tillegg kjem driftspersonale og kyrkjetenarar.
Dette arbeidsfellesskapet treng deg for å bli komplett!
Os er i rask vekst med store barne- og ungdomskull. Årleg konfirmantkull er på rundt 160 ungdommar, og konfirmanttilbodet er delvis samordna med det eksisterande ungdomsarbeidet.
Kyrkjelyden har eit levande ungdomsarbeid. Mange ungdommar har funne ein plass å vere i «Ungdomstunet”, som omfattar båd kor og band, ungdomsgudstenester, opne møteplassar for ungdom, samarbeid med Ungdoms-KRIK, leirar og leiartrening, for å nemne noko.
Trusopplæring til ungdom er forankra i kyrkjelydens trusopplæringsplan, og koordinering av tiltaka for 12-18 år er ein del av denne stillinga. Å finne fram til gode måtar å veve tiltak saman med eit kontinuerleg ungdomstilbod blir eit viktig arbeid framover.
I denne jobben vil du bli kjent med ei fantastisk ungdomsgruppe, i tillegg til dyktige medarbeidarar i stab og ei ressurssterk foreldregruppe. Teamet du vil jobbe i lag med inkluderer mellom anna ungdomsarbeidar i 20%, kateket og diakon. Du får handlingsrom og beslutningsansvar som gjer at du både har fridom og ansvar i arbeidet med å ivareta og utvikle heilskapen i tilbodet for ungdom. Vi ynskjer oss ein ungdomsleiar som både er stødig og trygg i formidling av kristen tru, og som kan skape rom i møte med ungdommar som dei kan trivast og vekse i.
Du blir i tillegg del av teamet kring konfirmantane og større arrangement som den årlege julemessa, der overskotet går til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. Det må påreknast ein del kveldsarbeid (primært onsdagar) og helgearbeid.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 14.04.2024
Arbeidsgivar: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Stad: Os
Stillingstittel: Ungdomsleiar/Ungdomsprest
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4790161819
Arbeidsoppgåver
Formidling av kristen og soknet sin visjon «Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen» på ein engasjerande og livsnær måte til unge menneske
Relasjonsbygging med ei stor gruppe ungdommar, foreldre og frivillige medarbeidarar
Planlegging og gjennomføring av sosiale og trygge ungdomsarrangement
Konfirmantarbeid i samarbeid med kateket, prest og øvrig stab, primært onsdagar
Leiing/leiarstøtte til TenSing-kor/møteplass, primært onsdagar
Leiartrening og ungdomsgudstenester i samarbeid med prest/kateket
Rekruttere, følgje opp og rettleie frivillige medarbeidarar i ungdomsarbeidet
Bruk av sosiale medier til marknadsføring av tiltak og arrangement
Ynskjelege kvalifikasjonar
Erfaring frå kristent ungdomsarbeid og leiartrening for unge
Utdanning innan kristendom, teologi og/eller ungdomsarbeid
Leiarerfaring er ein fordel
Erfaring frå musikkarbeid er ein fordel
Ved tilsetjing legg vi stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Personlege eigenskaper
Trivst og har erfaring med arbeid blant ungdom
Kommuniserer godt med både ungdom og vaksne
Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i effektive team
Er strukturert og sjølvstendig i arbeidskvardagen
Er medlem av Den norske kyrkja
Den som vert tilsett vil bli bede om å framlegga tilfredsstillande politiattest.
Vi oppmoder alle med hjarte for kristent ungdomsarbeid til å søke og vil etterstrebe å legge til rette for medarbeidarar som har behov for dette.
Vi tilbyr
Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
Lønn etter avtale/kvalifikasjonar i samsvar med KA sin tariff
Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
Fleksibel arbeidstid
God pensjonsordning
Kandidatar vert fortløpande kalla inn til intervju.
Adresse:Øyro 49, 5200 Os, Norge
Kontaktinformasjon
Sigurd Rotvik Tunestveit, Dagleg leiar/fung. kyrkjeverje
Telefon: 938 69 109