Dagleg leiar Os sokn

 

 

  • Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
  • Øyro 49, 5200 Os

 

 

 

Om jobben

Stillingstittel: Dagleg leiar Os sokn
Type ansettelse: Fast, heltid 100%
Antall stillinger: 1
Arbeidsspråk: Norsk

 

 

 

Søk på jobben

Søk senest fredag 13. november

 

 

 

 

Gå til søknad

 

 

 

 

Vil du vere med å forme framtida for kyrkja i Os?

Os sokn søkjer ein engasjert og tydeleg dagleg leiar som vil få ei sentral rolle i ein levande kyrkjelyd.

Os sokn er stort og har eit breitt arbeid, med visjonen «Nær Kristus – nær kvarandre – nær kvardagen». I ryggen har du eit engasjert og arbeidsvillig sokneråd, dyktige og dedikerte medarbeidarar og ei støttande leiargruppe.

Os sokn er eitt av to sokn i Bjørnafjorden kommune, og fellesrådet har òg si eiga driftsavdeling. Dette gjer at dagleg leiars oppgåver er sentrert rundt kyrkjelyden i Os og Nore Neset kyrkjer, og ikkje minst kyrkjelydshuset Tunet kyrkje- og kultursenter, som Os sokn eig og som er eit kraftsentrum for frivillig aktivitet på Osøyro.

Dette er ei spanande leiarstilling for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å bidra til at kyrkja er ein relevant og open møteplass for menneske i alle aldrar og livssituasjonar.

Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å omsetje visjonar og mål til praktisk handling. Du vil arbeide tett saman med soknerådet, prestane, dei tilsette og mange engasjerte frivillige. I ein kyrkjelyd med høgt aktivitetsnivå må du som dagleg leiar også være budd på noko kvelds- og helgearbeid. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing og administrasjon av Os sokn
  • Personaloppfølging av tilsette i soknet
  • Saksførebuing og oppfølging av vedtak i soknerådet i samarbeid med sokneprest
  • Økonomioppfølging, budsjettarbeid og rapportering
  • Delegering av oppgåver og ansvar til soknestaben og koordinering av tilgjengelege ressursar
  • Ansvar for drift og ivaretaking av Tunet kyrkje- og kultursenter
  • Bidra til vidare utvikling av kyrkjelyden sitt arbeid

 

 

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer oss ein person som:

  • Har relevant høgare utdanning eller relevant erfaring innan til dømes leiing, administrasjon, organisasjon eller økonomi
  • Erfaring med organisasjonsarbeid og frivillige er ein fordel
  • Er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er komfortabel med personalleiing og økonomi- og administrasjonsarbeid
  • Er medlem av Den norske kyrkja og deler kyrkja sitt verdigrunnlag
  • Vurdering av personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

 

 

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og variert leiarstilling
  • Moglegheit til å påverke og utvikle kyrkja sitt arbeid i Os
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar og frivillige
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale og gjeldande tariffavtale i KA sitt tariffområde
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

 

 

Om arbeidsgivaren

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ansvar for den lokale kyrkjeverksemda i Bjørnafjorden kommune. Os sokn er eit aktivt og mangfaldig sokn med eit breitt tilbod innan gudstenesteliv, trusopplæring, barne- og ungdomsarbeid, musikk og frivillig arbeid. Det er per i dag tre prestar som har tenestestad i Os sokn, sokneprest og to kapellanar. Soknestaben som dagleg leiar har ansvar for består av 2 konsulentar, kantor, organist, kateket, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og barne- og familiearbeidar. Ut 2027 har vi òg ein Bufdir-finansiert prosjektmedarbeidar i 70% tilknytt ungdomsarbeid.

Vil du vere med og vidareutvikle kyrkja si rolle i lokalsamfunnet? Då håpar vi å høyre frå deg!

 

 

Kontaktinformasjon

Jon Håkon Øen, Kyrkjeverje, 91836628
Sigurd Rotvik Tunestveit, Dagleg leiar, 93869109

 

 

 

Arbeidssted

Øyro 49
5200 Os

 

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5199101897
Stillingsprosent: 100%, Fast
Søknadsfrist: 13.11.2026

 

 

Om bedriften

Sektor: Offentlig
Nettsted: http://www.kirken.no/

Del stillingen

Selskap

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Sigurd Rotvik Tunestveit
  • Tittel: Dagleg leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 938 69 109
  • Jon Håkon Øen
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 918 36 628

Lokasjon

  • Os

Søknadsfrist

November 13, 2026