Luster kommune – Oppvekst

Biblioteksjef

 

Biblioteket har per i dag 2,2 årsverk fordelt på fire tilsette og har eit positivt omdøme med god service og gode tilbod. Biblioteket har eit høgt aktivitetsnivå med mange arrangement for vaksne og barn gjennom året. Luster bibliotek er plassert i Pyramiden kjøpesenter i kommunesenteret Gaupne. Folkebiblioteket administrerer åtte oppvekst-/skulebibliotek utanom biblioteket i Gaupne. Skulane har fast servicetid med skulebibliotekar og høve til sjølvbetening

Stillingsinformasjon

Luster bibliotek søkjer etter biblioteksjef i 100 % fast stilling frå og med 1. november 2023
Biblioteksjefen har det faglege og administrative ansvaret for bibliotektenesta i kommunen, og arbeider aktivt for å vidareutvikle biblioteket som kultur – og kunnskapsformidlar
Biblioteket er organisert under eininga Oppvekst og kultur. Biblioteksjefen deltek i kommunen sitt leiarteam og i nettverk med dei andre biblioteka i Sogn
Stillinga inngår i biblioteket sin vaktplan med laurdagsvakter kvar fjerde laurdag

Sentrale arbeidsoppgåver:

Ansvar for administrativ og fagleg drift av biblioteket med personal – og økonomiansvar
Vidareutvikle biblioteket som formidlingsarena for litteratur, kultur og samtale
Vidareutvikle samarbeidet med andre einingar i kommunen og eksterne aktørar
Publikumsarbeid

Ønska kvalifikasjonar:

Godkjent bibliotekfagleg utdanning
Erfaring frå bibliotekverksemd og leiarskap
Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Gode kunnskapar innanfor digital formidling og informasjonskompetanse
Du må være omgjengeleg, serviceinnstilt og ha evne til nytenking og utvikling
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me kan tilby:

Varierte og spennande arbeidsoppgåver saman med gode kollegaer
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Sektor: Oppvekst

Stillingstype: Fast

 

Søknadsfrist: 01.10.2023

 

Tiltreding: 01.11.2023

Arbeidsstad: Gaupne

 

Kontaktpersonar:

Ellen Borch Veum

tlf: +47 57 68 56 52

Knut Åge Teigen

mob: +47 95147914

 

Heimeside:
www.luster.kommune.no
Adresse: Rådhusvegen 1 6868 Gaupne

Luster kommune – Oppvekst

Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert – frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575

 

Del stillingen

Selskap

Luster kommune

Kontaktinfo

  • Knut Åge Teigen
  • Tittel: Kommunalsjef oppvekst
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil 951 47 914
  • Ellen Borch Veum
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 68 56 52

Lokasjon

  • Luster

Søknadsfrist

Oktober 1, 2023