Biblioteksjef
Klepp kommune ligg på Jæren nær Sandnes og Stavanger. Kommunen har nær 21.000 innbyggjarar. 1/3 av innbyggjarane er barn og unge under 18 år. Omlag 13 % av befolkninga har innvandrarbakgrunn.
Om stillinga og oppgåver
Stillinga er lagt til kulturavdelinga i tenesteområde samfunn og kultur
Me søkjer etter ein utviklingsorientert, framtidsretta, modig og involverande leiar, som kan utvikla biblioteket i tråd med samfunnet og innbyggjarane sine behov, samt delta i samarbeidet om å utvikla gode kulturtilbod i kommunen.
Klepp bibliotek har 6 fast tilsette/ 5 årsverk. Besøkstala er nær 100 000 årleg og utlånstala for 2021 og 2022 omkring 113 000 årleg. Biblioteket har ei rekke varierte arrangement på dag- og kveldstid. Klepp er eit meirope bibliotek tilgjengeleg for publikum 365 dagar i året, 16 timar i døgnet. Biblioteket har høg grad av sjølvbetening og godt tilbod om digihjelp til innbyggjarar.
Biblioteket er i dag lokalisert i rådhuset, men skal omkring årsskifte flytta til midlertidige lokale i 2 ½-3 år. Kommunen skal då starte bygging av nytt kommunehus. Eksisterande rådhus skal ombyggjast og utvidast og vil, utanom rådhusfunksjonar, omfatta kulturlokale og samlokalisering av bibliotek, kulturskule, ungdomskultursenter og frivilligsentral i same bygg. I tillegg vil nytt kommunehus omfatta ny kultursal og andre kulturfasilitetar. Byggeprosjektet omfattar og ny kyrkje.
Våre tilsette har lang erfaring og god, brei bibliotekfagleg kompetanse. Me ønskjer å halda fokus på utvikling og forbetring av eit heilskapleg bibliotektilbod, høgt servicenivå, teknologi- og arrangementsutvikling, samarbeid og framtidsretta bibliotektenester.
- Søknadsfrist: 22.09.2023
- Arbeidsgivar: Klepp kommune
- Stad: Kleppe
- Stillingstittel: Biblioteksjef
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4704204316
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for leiing og dagleg drift av biblioteket.
- Utvikling av biblioteket i tråd med samfunnet og innbyggjarane sine behov.
- Utvikling biblioteket i samsvar med regionale- og nasjonale føringar
- Innkjøp, økonomi, resultatoppfølging.
- Personalansvar
- Utvikla gode brukaropplevingar
- Samarbeid med lokale instansar, kommunar, organisasjonar og grupper, fylkesbibliotek m.v.
- Saksbehandling.
Kvalifikasjonar
Me stiller krav om at du har:
- Utdanning i biblioteksspesifikke fag på bachelor- eller høgare nivå, i samsvar med «forskrift om
- kvalifikasjonskrav for tilsette i folkebibliotek»
- Solid bibliotekfagleg erfaring frå folkebibliotek
- Solide IKT ferdigheiter som er relevante for bibliotek
- Gode norskferdigheiter – munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Ønska kvalifikasjonar:
Du er ein person som:
- har leiarerfaring og gjerne leiarutdanning
- ser heilskap og tenker langsiktig
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er iderik, utviklings- og prosjektorientert
- har inngåande litteraturkunnskap samt kultur- og samfunnsinteresse
- har eit tydeleg innbyggjarperspektiv
- arbeider sjølvstendig og målretta
- har erfaring frå folkebibliotek god kjennskap til kommunal sektor
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar 1
- Spanande utfordringar
- Løn etter avtale
- Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Nærare opplysningar:
Biblioteksjef Aud Jorunn Hakestad, telefon 97 73 12 54
Kultursjef Ulf Ludvigsen, telefon 99 44 48 29
Solavegen 1, 4351 Kleppe, Norge
Kontaktinformasjon
Ulf Ludvigsen
Kultursjef
Telefon:+47 99444829
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.