Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Kviteseid kommune

Kontaktperson

Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar?

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape
positive endringar i barn sine oppvekstvilkår.
Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og
løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på
fl eksibilitet, samhald og fagleg utvikling.

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord,
Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:16.08.2026
Arbeidsgivar:Kviteseid kommune
Stillingstittel:Kontaktperson
Stillingar:1
Heiltid / Deltid:Heiltid
Tilsetjingsform:Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:5147145182

Arbeidsoppgåver

Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova
 Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova
 Samarbeid med andre instansar for å sikre heilskaplege og gode tenester
 Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling
Kvalifikasjonar
 Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning. Anna
relevant utdanning kan vurderast
 God barnevernfagleg kompetanse og erfaring er ein fordel
 Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
 Evne til å nytte digitale verktøy på ein effektiv måte
 Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

 Er trygg, raus og robust
 Har evne til å motivere og inspirere
 Er ein god lagspelar med gode samarbeidsevner
 Arbeider systematisk og målretta
 Evnar å strukturere eigen arbeidskvardag og sikre framdrift
 Likar å samarbeide med andre kommunale tenester og dele kunnskap
 Kan handtere krevjande og pressa situasjonar
 Er fl eksibel og løysingsorientert

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

 Ein spanande og meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell
 Høgt fagleg nivå med fokus på utvikling og kompetansebygging
 God opplæring og rettleiing
 Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer
 Regelmessig oppfølging frå teamleiar
 Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog
 Løn og vilkår
 Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Granlivegen 1, 3850 Kviteseid, Norge

 

Kontaktinformasjon

Gunn Annie Hellestad
Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark
Telefon:+47 90 76 69 07

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er eit robust og utviklingsorientert fagmiljø som arbeider for å gi barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid. Vi satsar på fagutvikling, innovasjon og arbeidsmåtar som styrkjer kvaliteten i tenestene våre.

Gjennom eit unikt og forpliktande samarbeid med barneverntenestene i Midt- og Aust-Telemark utviklar vi felles løysingar, deler spesialisert kompetanse og byggjer sterke fagmiljø som gjer oss betre rusta til å møte framtidas behov i barnevernet.

Del stillingen

Selskap

Kviteseid kommune

Kontaktinfo

  • Gunn Annie Hellestad
  • Tittel: Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+47 90 76 69 07

Lokasjon

  • Kviteseid

Søknadsfrist

August 16, 2026