Ål kommune

Ål kommune Hallingdal Barnevernteneste Vil du vere med å gjere ein forskjell for de som treng det mest?

Barnevernskonsulent / Sakshandsamar

 

Då er du den vi ser etter!

Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste som dekker alle seks kommunane i Hallingdal: Hol, Ål, Gol, Nes, Flå og Hemsedal. Me er ei stor teneste med 30 tilsette, og me jobbar i team. Me har god kompetanse og engasjement for dei barna, unge og familiar som treng hjelpa vår. Som nytilsett får du opplæring og gode faglege utviklingsmoglegheiter. Du får kollegaer som brenn for å gjera ein forskjell for barn, unge og familiar.

Vi har no ledig 2 vikariat i 100% stilling (ut 2026). Det er ønskjelig med oppstart snarast.

Generelle kvalifikasjonar

  • Barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, gjerne med tilleggsutdanning.
  • Gjerne erfaring frå barnevern.
  • Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar.
  • God skriftleg framstillingsevne.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
  • Evne til å arbeide grundig, sjølvstendig og systematisk.
  • Gode refleksjonsevner.
  • Å være ein god teamarbeider.
  • Møte andre menneske med ei respektfull og open haldning
  • Trivst med å jobbe i høgt tempo.
  • Positiv haldning og godt humør.

Me kan tilby

  • Eit spennande og proaktivt fagmiljø med fokus på framtidas barnevern.
  • Godt arbeidsmiljø med mykje engasjement.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Fagleg utvikling og vekst.
  • Pensjonsordning KLP.
  • Hjelp til å finne bustad.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

For mer informasjon om oss, sjå vår eigen film om Hallingdal barnevernteneste: www.aal.kommune.no/siteassets/aal/skole-og-barnehage/barnevern/hallingdal-barnevernteneste_final-2.mp4

Velkomen som søkjar!

Søk på stillingane her.

Fylke: Buskerud

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 12.10.2025

Tiltreding: Snarast

Arbeidsstad: Ål

 

Kontaktpersonar:

Camilla Svanaasen Joranger

mob: +47 48957382

 

Heimeside:
www.aal.kommune.no
Adresse: Sundrevegen 95 3570 ÅL

Ål kommune Hallingdal Barnevernteneste

Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå. Ål kommune er vertskommune. Barneverntenesta har hovudkontor på Familiens hus sentralt på Ål.

Hallingdal barnevernteneste brukar programmet Visma Flyt Barnevern som saksbehandlingsverktøy.

Sjå infofilm om Hallingdal barnevernteneste på Ål kommune si heimeside:
https://www.aal.kommune.no/skule-og-barnehage/hallingdal-barnevern/

 

Del stillingen

Selskap

Hallingdal barnevernteneste

Kontaktinfo

  • Camilla Svanaasen Joranger
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 48957382

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Oktober 12, 2025