100% stilling som barnehagelærar ved Hestavoll barnehage

 

Ledig 100% stilling, fast som barnehagelærer i Hestavoll barnehage frå januar 2024, eller etter avtale.

Barnehagen har ledig stilling som barnehagelærer frå januar 2024. Vi legg stor vekt på å bygge gode relasjoner i alle ledd og fremja eit inkluderande barnehagemiljø. Barnehagen har godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kollegaer.

Hestavoll er ein internasjonal barnehage som held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Barnehagen har gjennom ei årrekke lagt vekt på kultur og kreativitet. Hestavoll har samarbeid med kulturarenaer og verksemder i nærmiljøet.

Vi er stolte av å ha utarbeida ein intern språkplan der målet er å sikra eit systematisk og målretta språkmiljø i barnehagen for alle. Barnehagen har gode planar og styringsverktøy som vi arbeider ut frå.

Hestavoll har tilgang til fleire fine naturområder som barn og voksne er glade for å nytta gjennom året.

Barnehagen har 3 avdelinger fordelt på 60 plasser.

Ullensvang kommune si nettside:  Ledig jobb for to:

Inspirasjon:

Arne Hjeltnes kan kanskje gje det lille ekstra om Ullensvang i denne introduksjonen til ein internasjonal serie “People of the north” som med anna er spilt inn i Odda.

Arne Hjeltnes spelar inn internasjonal TV-serie i Hardanger

Håper å motta søknaden din til stilling som barnehagelærer/ pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage.

Kompetanse:

  • Barnehagelærarutdanning eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25
  • Barne- og ungdomsarbeider som ynskjer å søke desentralisert høgskoleutdanning som barnehagelærer til hausten vil bli vurdert.
  • Anna utdanning kan bli vurdert.

Barnehagelærer har medansvar for:

  • Barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet på avdelingen.
  • Lede, planlegge og gjennomføre det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
  • Dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
  • Medverke til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å gjere kvarandre gode.
  • Systematisk og målretta arbeid i tråd med barnehageloven, rammeplan for barnehage samt pedagogisk årsplan for Hestavoll barnehage.
  • Medvirke til eit inkluderande barnehagemiljø.

Kvalifikasjonar:

  • Barnehagelærer eller tilsvarende jf. barnehageloven §25.
  • Interesse for faget.
  • Erfaring med pedagogisk leiing verd verdsett.
  • Evne til å arbeida målretta og systematisk.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å byggje gode relasjonar med barna
  • Autoritativ; varm og tydeleg voksenstil
  • Løysningsorientert
  • Fleksibel med evne til å arbeide strukturert
  • Godt humør og positiv innstilling
  • Evne til god kommunikasjon
  • Fokus på kvalitet i tenesta
  • Instrumental Kompetanse er positivt

Vi kan tilby:

  • Eit interessant og godt arbeidsmiljø som legg vekt på inkludering, deling og samarbeid.
  • Løn etter hovedtariffavtalen.
  • Kommunen arbeider med gode lønns- og rekrutteringsavtaler som skal vere interessante og konkurransedyktige.
  • Høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
  • Vi kan tilby rekrutteringsavtale til barnehagelærere på kr. 30 000,- etter ett år i teneste, og ytterligere kr. 30 000,- etter to år i barnehagen.
  • Ullensvang kommune har IA avtale (inkluderende arbeidsliv).

Krav:

  • Politiattest; ikkje eldre enn tre måneder
  • Norsk kompetanse tilsvarende nivå B2

Søk på stillinga her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 14.01.2024

 

Arbeidsstad: Odda

 

Kontaktpersonar:

Kari Aalvik

mob: +47 975 58 693

 

Heimeside:
www.ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda

Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst

Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje

https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Kari Aalvik
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 975 58 693

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Januar 14, 2024