Vestnes kommune Tomrefjord skule

 

 

Barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar

 

 

Stillingstype

Det er ledig inntil 80 % vikariat frå snarast til og med 31.07.2024 som Barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved f.t. Tomrefjord skule.

 

Arbeidsoppgåver

  • bistå elevar som treng tett oppfølging grunna særskilte hjelpebehov, noko relatert til helse
  • bistå elevar i skulekvardagen
  • praktisk hjelp og tilrettelegging
  • stillinga vil vere ei kombinasjonsstilling i skule og SFO

 

Kvalifikasjonar

  • det er ønskeleg at du har utdanning innan barne- og ungdomsarbeid og/eller helsefagarbeid. Andre søkjarar med relevante kvalifikasjonar og erfaringar kan bli vurderte.
  • du må kunne bidra til at eleven får god deltaking i skulekvardagen
  • du må snakke og skrive godt norsk på minimum nivå B1
  • ha god kommunikasjonsevne og trivast saman med barn

 

Personlege eigenskapar

  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • er opptatt av barn og unge si læring, utvikling og trivsel
  • er flink til å skape gode relasjonar med barn og vaksne
  • opptrer som ein robust, trygg og tydeleg vaksen
  • er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
  • personleg eignaheit vert tillagt stor vekt

 

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • ein arbeidsplass med fokus på utvikling
  • ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referansar

Oppgi referansar

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Møre og Romsdal
  • Jobbtype: Vikariat
  • Heiltid/Deltid: Deltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Stillingstype: Vikariat
  • Søknadsfrist: 15.12.2023
  • Tiltreding: Snarast
  • Arbeidsstad: Tomrefjord skule

 

Kontaktpersonar:

Elisabeth Selnes
mob: 41262647

 

Heimeside:

www.vestnes.kommune.no

 

Adresse:

Lidvegen 14 6393 Tomrefjord

 

 

Vestnes kommune Tomrefjord skule

Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 215 elevar. Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga. Rett ved skulen ligg også nyrenovert idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng. Skulen har elevar frå Tomrefjord og Øverås på barnesteget. På ungdomssteget kjem elevane i tillegg frå Fiksdal og Rekdal.

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kontaktinfo

  • Elisabeth Selnes
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 41262647

Lokasjon

  • Vestnes

Søknadsfrist

Desember 15, 2023