Avdelingsleiar ved Dale vidaregåande skule

 

 

STILLING SOM AVDELINGSLEIAR VED DALE VIDAREGÅANDE SKULE LEDIG FRÅ 01.08.2026

Dale vidaregåande skule ligg i Dale i Sunnfjord som er kommunesenteret i Fjaler kommune. Skulen tilbyr Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Teknologi- og industrifag, Industriteknologi og Påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg har vi tilbod om modulstrukturert vaksenopplæring innanfor helsearbeidarfaget. Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Det er i dag ca. 200 elevar og ca. 40 tilsette ved skulen. Visjonen vår er «Vilje til visdom og vennskap». Heimeside: www.dale.vgs.no

 

Søknadsfrist: 01.04.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Avdelingsleiar ved Dale vidaregåande skule
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5097986757

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Felles, overordna leiing av skulen gjennom leiargruppa
  • Økonomiansvar: budsjettering, lønshandtering
  • Personalansvar for ein del av kollegiet
  • Personaloppfølging: vikarhandtering, rekruttering mm.
  • Skuleutvikling og kvalitetsarbeid: kvalitetssystemet,

 

Årsplanar

Innkjøp gjennom Ehandel i samsvar med innkjøpsavtalar

Praktiske oppgåver på skulen mm.

Undervisning utgjer ca. 50% av stillinga.

 

Kvalifikasjonar

  • Vedkomande må ha undervisningskompetanse og helst undervisningserfaring frå vidaregåande skule.
  • Relevant fagleg og pedaogisk utdanning.
  • Relevant leiarerfaring og leiarutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Dersom ein manglar dette, vil leiarutdanning vere aktuelt.
  • Høg digital kompetanse.

 

Personlege eigenskapar

  • Søkjar må vere ryddig og ha svært god struktur, ha god oversikt, vere påliteleg og ansvarsfull.
  • Ha gode administrative evner, kunne leie, motivere og støtte medarbeidarar og elevar.
  • Kommunisere ope og inkluderande, samarbeide godt i leiarteamet.
  • Ha gode relasjonar til medarbeidarar.
  • Jobbe målretta og strukturert, vere fleksibel og ha stor arbeidskapasitet.
  • Ha godt humør og sjå medarbeidarane.

 

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode fylkeskommunale forsikrings- og pensjonsordningar.

 

 

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Gro Fivelsdal
rektor
 Telefon:90149611

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Gro Fivelsdal
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: a|901 49 611

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

April 1, 2026