MWANVIK-VLFK-DSF8612-10418689_1920

Avdelingsleiar studiespesialisering

 

 

Opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregående skular, fagskular, lærlingsordning og vaksenopplæring gir vi Vestland viktig kompetanse.
Bømlo videregående skule er ein kombinert skule har utdanningsprogramma: studiespesialisering, påbygg, industriteknologi, elektro, helse og oppvekst, naturbruk/akva, og tilrettelagt opplæring. Me søkjer etter avdelingsleiar for studiespesialisering i 100% stilling.

Skulen har som mål og vere ein føregangsskule i å førebu elevane til høgare utdanning og læretid i bedrift. Vi arbeider i tett dialog med næring og offentleg sektor for å nå mål om at flest mulig skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring.

 

Søknadsfrist: 06.10.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Avdelingsleiar studiespesialisering
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4860029560

 

Arbeidsoppgåver

  • Aktiv deltaking i skulen sitt leiarteam
  • Skuleadministrative oppgåver
  • Fag- pedagogisk og personalansvar
  • Aktivt bidra i skulen sitt utviklingsarbeid
  • Det kan bli lagt undervisning til stillinga
  • Timeplanlegging
  • Økonomi
  • Eksamen
  • Dagleg drift

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Leiarerfaring frå vidaregåande skule
  • Leiar utdanning er ynskjeleg
  • Erfaring med fagleg-pedagogisk arbeid
  • Undervisningskompetanse i fag me tilbyr
  • God digital kompetanse
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til skuleadministrative system

 

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig i nært samarbeid med andre
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med evne til å motivere, rettleie og leie
  • Kunne arbeide over tid med fornyings- og forbedringsarbeid
  • Vere strukturert, ansvarsbevisst og serviceinnstilt
  • Vere løysings- og resultatorientert og med god gjennomføringsevne
  • Kunne arbeide under press i ein travel arbeidskvardag
  • Egnaheit vert vektlagt

 

Vi tilbyr

Triveleg arbeidsmiljø og godt arbeidsfelleska
Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfald og i utvikling
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Søk her

 

Kontaktinformasjon

Tor Inge Kalstad
rektor
Telefon:+47 53423810
Telefon:+47 41696610

 
 
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Tor Inge Kalstad
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+47 53423810 Telefon:+47 41696610

Lokasjon

  • Bømlo

Søknadsfrist

Oktober 6, 2024