Surnadal kommune SentraladministrasjonenSurnadal kommune Vaksenopplæring og Integrering

Avdelingsleiar – 1-års engasjement ved Vaksenopplæring og integrering

 

Avdelingsleiar integrering – 1-års engasjement

Eininga Vaksenopplæring og integrering er organisert under oppvekst og har ansvar for

– Etablering og oppfølging av flyktningar som busett i kommunen etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
– Koordinering av kommunen si introduksjonsordning og kvalifisering av deltakarar i høve til utdanning og arbeidsliv
– Vaksenopplæring som består av norskopplæring, samfunnskunnskap og grunnskuleopplæring for vaksne

Eininga er delt i to samlokaliserte avdelingar, vaksenopplæringa og integreringa. På grunn av auka arbeidsmengde i samband med mottak av fleire flyktningar søkjer vi no etter leiar i 1-års engasjement ved integreringsavdelinga.

Arbeidsoppgåver ved integreringa

Dagleg drift og koordinering, for fagområda bosetting og introduksjonsordning
Vere ein pådrivar for at det blir levert gode tenester i alle ledd, i tråd med gjeldande lovkrav og føringar
Vidareutvikling og vedlikehald av tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Saksbehandling og utarbeiding av søknader om prosjektmidlar og statlege tilskotsmidlar
Koordinere samarbeidet med dei lokale helsetenestene
Avdelingsleiaren vil saman med inspektøren ved vaksenopplæringa og einingsleiaren utgjere eininga si leiargruppe

Arbeidsoppgåvene kan bli endra over tid og det kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver til stillinga, ut frå behov og overordna føringar

Ønska kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet
Kjennskap til kommunalt integrerings- og/eller inkluderingsarbeid
Erfaring frå arbeid med integreringslova og andre lovverk aktuelle for fagfeltet
Erfaring frå arbeid med resultatrapportering og planarbeid
God kjennskap til, og engasjement for arbeid med flyktningar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Er løysingsorientert og fleksibel
Har handlekraft og gjennomføringsevne
Personleg eignaheit blir lagt vekt på

Vi tilbyr

Vanlege kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Flyttegodtgjersle etter kommunen si Personalplan

 

Søk på stillingen her.

 

Referansenummer:23/1081

Fylke: Møre og Romsdal

Jobbtype: Engasjement

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 01.10.2023

 

Tiltreding: Etter avtale

Arbeidsstad: Vaksenopplæring og integrering

 

Kontaktpersonar:

Olav Bergheim

mob: +47 482 96 315

 

Heimeside:
www.surnadal.kommune.no
Adresse: Bårdshaugvegen 1 6650 Surnadal

 

Surnadal kommune Vaksenopplæring og Integrering

Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.

Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre.

Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene.

 

Del stillingen

Selskap

Surnadal kommune

Kontaktinfo

  • Olav Bergheim
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 482 96 315

Lokasjon

  • Surnadal

Søknadsfrist

Oktober 1, 2023