Suldal kommune Sand skule

 

Avdelingsleiar/inspektør

 

 

2. gongs utlysing

Frå 1. august 2024 er det ledig 100 %  fast stilling som inspektør/avdelingsleiar med hovudansvar for barnetrinnet på Sand skule i Suldal kommune.

Sand skule har omlag 300 elevar fordelt på 14 klassar frå 1. -10. trinn. I tillegg har skulen ca 25 elevar som får eit introduksjonstilbod, kalla velkomstklassar, som er eit tilbod for alle nyankomne flyktningar i Suldal. Velkomstklassane er aldersblanda fordelt på to klassar (4.-7. trinn og 8.-10. trinn).

Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet.

Skulen er medlem av den ideelle organisasjonen MOT. MOT har program for ungdomsskular og skulen vår har vald å satsa på Robust ungdom og Skulen som samfunnsbyggjar. MOT-satsinga er ein medverknad for å byggja ein varm og trygg skule, til liks med programmet SUPER, eit program frå same organisasjon som rettar seg mot dei yngste på barnetrinnet, som skulen vår er ein del av. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket

Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.

 

Me søkjer etter deg som

  • er ein god lagspelar som kan setja grenser og samstundes byggja gode relasjonar til elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar i og utanfor skulen
  • har god pedagogisk kompetanse som kan vera med å utvikla, visa retning og veg i det profesjonsfaglege fellesskapet.
  • er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag for ein skule i kontinuerleg utvikling
  • har gode og munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • leiarerfaring er eit føremon

 

Arbeids- og ansvarsområde

  • Leiaroppgåver innanfor dagleg drift og utvikling av skulen
  • Stillinga vil vera ein del av leiarteamet ved skulen
  • Ansvar for SFO-ordninga
  • Ansvar for organisering og oppfølging av minoritetsspråklege elevar og elevar i velkomstklassane.
  • Andre oppgåver i tråd med verksemda sine behov.

 

Krav til kompetanse

  • Pedagogisk utdanning med erfaring frå grunnskulen
  • Fagkompetanse for grunnskulen
  • Gode IT-kunnskapar
  • Leiarutdanning, evt villig til å ta vidare utdanning

 

Kva kan me tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

 

Andre opplysningar:

  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju.
  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt.

Suldal kommunen gjer merksam på at søkjarlistene kan vera offentleggjorde.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 

 

Søk her

 

 

Referansenummer: 24/727
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Søknadsfrist: 27.06.2024
Tiltreding: 01.08.2024
Arbeidsstad: Sand skule

 

Kontaktpersonar:

Jorunn Hoås
mob: +47 91574334

 

Heimeside:

www.minskule.no/sand

 

Adresse:

Rygjatunvegen 2 4230 Sand

 

Suldal kommune Sand skule

Sand skule har omlag 290 elevar fordelt på 14 ordinære klassar frå 1. -10. trinn, i tillegg har me velkomstklassar bygd opp etter fådelt struktur og skulefritidsordning
Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet.
Sand skule er ein MOT-skule der visjonen er å byggja eit varmare og tryggare samfunn og gje barn og unge MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket. Oppdraget er å utvikla robust ungdom som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.

Del stillingen

Selskap

Suldal kommune

Kontaktinfo

  • Jorunn Hoås
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 91574334

Lokasjon

  • Sand

Søknadsfrist

Juni 27, 2024