Bu- og aktivitetstenesta, Sula kommune
Avdelingsleiar- Bu og aktivitetstenesta
Bu- og aktivitetstenesta søker avdelingsleiar i 100% stilling. Stillinga er for tida lagt til avdeling Geilneset.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Geilneset er ei avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne. Avdelinga er tilknytt 5 bueiningar med døgnkontinuerlig drift og yter bistand til tenestemottakar som bur i eigen heim. Avdelinga har i tillegg ein avlastningsbustad for barn og unge.
Einingsleiar ved Bu- og aktivitetstenesta er næraste overordna.
Stillinga er ledig frå snarast.
Søknadsfrist: 03.01.2022
Arbeidsgivar: Sula kommune
Stad: Langevåg
Stillingstittel: Avdelingsleiar- Bu og aktivitetstenesta
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100 %
Webcruiter-ID: 4459473229
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har dagleg, fagleg og administrativt ansvar for avdelinga. Som leiar skal du ha tett dialog med tenestemottakarane og pårørande. Du skal vere med å rekruttere og sikre rett kompetanse hjå dei tilsette slik at tenester som vert ytt er i tråd med gjeldande juridisk og fagleg grunnlag. Du skal ha kjennskap til praktisk personalarbeid som arbeidstidsordningar, sjukefråværsoppfølging og nærværsarbeid.
Avdelingsleiar har ansvar for å etablere gode og forsvarlege rutinar for drift og sjå til at desse vert følgt. Du skal delta i arbeid med kvalitetssystem, internkontroll og tilsyn.
Avdelingsleiar skal delta aktivt i å utvikle heilskapelege og framtidretta helse- og omsorgstenester i kommunen.
Den som vert tilsett i stillinga blir koordinator i ansvarsgruppe og vil samarbeide tett med mellom anna skule, dagsenter og habiliteringstenesta.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein leiar med 3-årig helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning, med kunnskap i kvalitetsutvikling og med erfaring i bruk av elektronisk ressursstyringssystem.
Leiarutdanning/ leiarerfaring er ynskjeleg.
Erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd og god kunnskap om målretta miljøarbeid.
Erfaring og praksis med arbeidstidsordningar, turnusarbeid og ressursstyring
Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming.
har kunnskap om profesjonalitet, etikk, lov og regelverk
Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Datakunnskap
Krav om førarkort og politiattest.
Oppgje referanse.
Kjennskap til relevant lovgiving er ei føresetnad, og i særleg grad kap. 9 i Lov om Helse- og omsorgstenester.
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person som:
er fagleg trygg, sjølvstendig, endringsvillig og nytenkande.
er strukturert og systematisk
er målretta og resultatorientert
er utvikling og endringsmotivert
har evne til å motivere, ta avgjersler og delegere.
har evne til å skape gode relasjonar med tilsette, tenestemottakarane, pårørande og andre samarbeidspartar.
bidreg til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
Eit godt arbeidsmiljø
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2% av løna vert trekt til pensjonsordning.
Politiattest vil verte krevd.
O.A. Devoldvegen, 6030 Langevåg, Norge
Kontaktinformasjon
Camilla Vee, Einingsleiar
70 19 82 37
[email protected]