Stillinga er plassert under plan, næring og teknisk etat med kommunalsjef som øvste leiar. Teknisk del er organisert i tre avdelingar: Eigedomsavdelinga, vatn og avlaup samt uteavdeling/tenisk drift. Leiaren for uteavdelinga har ansvaret for 11 tilsette.
Avdelingsleiar/arbeidsformann er utearbeidarane sin næraste overordna og har ansvaret for den daglege drifta av kommunale bygg, vegar og kommunale anlegg. Arbeidsformann er prosjektleiar for byggeprosjekt som utførast i eigen regi og prosjekt som vert sett bort til entreprenørar.
Arbeidsoppgåver:
- Organisering av drift og vedlikehald kommunale bygg,vegar og uteanlegg
- Personaloppfølging og planlegging innan fagområda
- Kunde- og sakshandsaming innanfor ansvarsområda
- Kompetanseutvikling, planlegging og styring av oppgåver og ressursar
- Gjennomføre og styre vedtekne renoverings-/utbyggingstiltak
- Budsjettering, økonomioppfølging og fakturabehandling
Krav til stillinga:
- Utdanning på teknikar/ingeniørnivå innanfor bygg/anlegg
- Leiarutdanning eller relevant leiarerfaring
- Erfaring i bruk av IT-støtteverktøy
- Kunnskap om relevant lovverk og erfaring med anbod og utlysingsprosessar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Sertifikat klasse B, ynskjeleg med klasse C
Vi søkjer deg som:
- Utviklings-, resultat- og løysingsorientert, med utgangspunkt i nært og gjensidig samarbeid med leiing,stab/teknisk støtte, fagpersonell og eksterne samarbeidspartnarar.
- Evne til å koordinere og få ulike fagpersonar og einingar til å samhandle og drage i same retning.
- Ha god økonomisk forståing, følge opp budsjett- og fakturabehandling.
- Me ynskjer ein målretta, handlekraftig og tydeleg avdelingsleiar som kan motivere og inspirere sine medarbeidarar.
Vi tilbyr:
- Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Arbeidsformann må disponere eigen bil. Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å vende dykk til kommunalsjef Gunhild Austjord, tlf. 350 75200.
Andre opplysningar:
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Denne må ikkje vere eldre enn 3 månadar.
Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn her
Det elektroniske søknadsskjemaet må fyllast ut så fullstendig som mogleg. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast ved førespurnad eller ved frammøte til intervju. I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.