100% stilling som avdelingsleiar ved Opedal skule
Ledig fast stilling for skuleåret 2024-25:
– Avdelingsleiar 100% fast stilling frå 01.08.2024.
Til stillinga ligg det 50% administrasjon knytt til leiing og 50% undervisning.
Opedal skule:
Opedal skule er ein 1.-7. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 119 elevar og 22 tilsette. Skulen ligg fint til i bygda Lofthus, i nær tilknyting til både fjell og fjord.
Skulen arbeider systematisk med verdiar. Verdiane er utarbeidd i samarbeid med tilsette, føresette og elevane ved skulen. Verdiarbeidet viser igjen i all aktivitet ved skulen, både i høve det psykososiale miljøet og i læringsaktivitetar.
Det pedagogiske arbeidet til skulen er knytt til Læringssirkelen. Alle tilsette får opplæring i dette arbeidet.
Skulen har fokus på implementering av ny læreplan, og
utviklingsområdet vårt det komande skuleåret er å sikra eit godt psykososialt miljø med vekt på livsmeistring.
Kvalifikasjonar
- erfaring frå administrative oppgåver knytt til skuleleiing
- godkjent undervisningskompetanse
- gode datakunnskapar/dugleikar
Personlege eigenskapar
- har god relasjonskompetanse
- har god formidlingsevne
- samarbeider godt i lærande fellesskap
- er lojal og ansvarsfull mot skulen sine verdiar og formål ● er løysingsorientert og fleksibel
- er ein god klasseleiar
Me tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø
- eit godt pedagogisk utviklingsmiljø
- løn etter avtaleverk
- hjelp til å finna bustad
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 27.06.2024
Arbeidsstad: Lofthus
Kontaktpersonar:
Helga Opedal
mob: +47 95237206
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune Opedal skule
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49