Vindafjord kommune – Vil du vera med å utvikle demensomsorga?
Avdelingsleiar Demensomsorga
Me søker:
Deg som er genuint interessert i demensomsorga og som vil vera med å utvikle tenesta!
Du som vil bli avdelingsleiar, 100% fast på Vindafjordtunet og avdeling Sør frå og med 01.05.24!
Om arbeidsplassen:
- Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og gir tenester til personar med demens og somatisk langtidsbebuarar. Demensomsorga er delt i 2 avdelingar; Sør og Nord som igjen er delt opp i grupper.
- Somatisk langtid har 14 sengeplasser og demensomsorga 34 totalt. Vindafjordtunet har og ansvarfor natt og natt patruljen som ligg under avdeling Nord.
- Me har eige kjøkken som lagar mat til våre bebuarar samt ein tilsynslege i 50%.
- På Vindafjordtunet ligg det og 25 omsorgsbustader som er drifta av heimetenesta.
Om stillinga:
- Som Avdelingsleiar på Vindafjordtunet og avdeling Sør vil du få ein utfordrande og spanande arbeidskvardag i lag med kjekke, kompetente kollegaer! Du er og med i leiargruppa beståande av to andre avdelingsleierar og einingsleiar.
- Avdeling Sør har ca 16 årsverk som du har ansvaret for- i tillegg har du fagansvaret for 16 bebuarar og faget knytt til desse.
- Personal og fagansvar står litt meir om lenger nede i utlysinga:)
- Du er med å arbeidar på tvers for ein god heilhet i drifta knytt til fag og ressursar. Som avdelingsleiar ved Vindafjordtunet vil du yte å finne det «lille ekstra» for bebuarane og tilsette.
- Vindafjordtunet arbeidar med Tørn i form av oppgåvedeling samt bruken av kompetanse og ressursar og framheld dette arbeidet. Du kan lese meir om Tørn her.
- Ein arbeidar ope og er opptatt av å skape motivasjon og gode arbeidsdagar for alle våre tilsette. Me ser og internt i leiargruppa korleis me kan arbeide på andre måtar som ei forbetring.
- Me har to merkantile som høyrer til “sine” avdelingar ifh til vikarinntak mm.
Har DU lyst å vera med på innovativ og utviklande arbeid for bebuarane våre og dei tilsette?
Då må du søke!
Du kan og nytte Facebook til å bli litt betre kjent med oss.
Ta gjerne kontakt om duvil ha ein drøs 🙂
Hovudarbeidsoppgåver:
– Personalansvar- blant anna:
– Sjukefråværsoppfølging
– Arbeidstider
– Medarbeidarsamtalar
– Arbeidsmiljø
– Ferieavikling
– Fagansvar i din avdeling- blant anna:
– Oppfølging av dokumentasjon
– Sjå til at planar vert fulgt
– Kjennskap til bebuarane, tiltak, oppfølging mm
– Iverksette prosessar for å betre teneste, miljø osv.
– Utvikle demensomsorga
Kvalifikasjonar:
– Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar
– Ønskjeleg med leiarerfaring
– Ønskeleg med turnuskjennskap
– God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
– Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Personlege eigenskapar:
– Du brenn for demensomsorga og tenestene!
– Har interesse for faget og held deg oppdatert
– Bidrar til godt arbeidsmiljø gjennom din kjennskap til tilsette og tenestebehov
– Du søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og tilsette
– Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
– Du arbeidar godt i team og er ein som er med på å spela teamet og avdelinga god.
– Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar og er fleksibel i arbeidsoppgåvene
– Du innvolverar, delegerar, engasjerar og deler kunnskap gjennom di leiing
– Du er løysingsorientert
– Du evnar å vera analytisk men og innovativ
– Du ønsker å utvikle deg sjølv og din avdeling
– Du fører prosjekt og prosess i din avdeling men og i drifta i heilhet i samarbeid i teamet
– Personlege eigenskaper vert vektlagt
Me kan tilby:
- Utviklingsmuligheiter/Kompetanseheving
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Referansenummer: 24/1148
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 19.03.2024
Tiltreding: 01.05.2024
Arbeidsstad: Vindafjordtunet
Kontaktpersonar:
Annelin Bauge
tlf: +47 5365904 mob: +47 97657778
Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/pleie-og-omsorg/omsorgssenter/vindafjordtunet/
Adresse: Kårhusvegen 5 5578 Nedre Vats
Vindafjord kommune
Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og er delt inn i Demensomsorga og Somatisk langtid. Demensomsorga har 34 plasser for personar med demens inkludert rulleringsopphald. Somatisk langtid har 14 plasser. Heimetenesta som gir tenester i Skjold, Vats og Vikebygd (ytre sone) har base ved Vindafjordtunet. Dagsenter for heimebuande eldre og personar med demens er og på Vindafjordtunet 4 dagar i veka.
Begge avdelingane har kvar sin avdelingssjukepleiar samt teamsjukepleiarar. Me har fleksibel turnus.