Surnadal kommune Sentraladministrasjonen

Avdelingsleiar i Heimetenesta

 

HEIMETENESTA HAR LEDIG FAST 100% STILLING SOM AVDELINGSLEIAR.

Som avdelingsleiar er du ein av tre i leiarteamet i Heimetenesta. Stillinga har dagarbeidstid med 37,5 timars veke og fleksitidsordning.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvarsområde vil i hovedsak vere fag- og personalansvar og koordinering av tenestene innan feltet Heimetenesta yter tenester.
  • Til dagleg fordeler dei to mellomleiarane arbeidet mellom seg og har faste ansvarsområde.
  • Einingsleiar er næraste overordna. Du vil arbeide tett med dei andre i leiarteamet om utvikling og utforming av tenestetilbodet.

Krav til kompetanse og kvalifikasjonar:

– du har autorisasjon/offentleg godkjenning som sjukepleiar

– relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning

– du kan og har lyst til å vere leiar og du har dei faglege og administrative leiareigenskapane som trengst

Personlege eigenskapar:

Du er fagleg trygg og kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø. Du må ha gode samarbeidsevner og kunne motivere andre i arbeid og endring. Å initiere og drive utviklingsarbeid er noko du likar, samtidig som du er trygg på deg sjølv når det gjeld evne og vilje til sjølvstendig arbeid. Du har god muntleg og skriftleg framstillingsevne.

Tilsettingsvilkår:

Du må ha førarkort kl B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Vi kan tilby:

  • godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • lønn med utgangspunkt i gjeldande avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • flyttegodtgjersle i tråd med reglane i personalplanen

Send søknad på stillingen her.

 

Fylke: Møre og Romsdal

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 01.09.2022

 

Kontaktpersonar:

Annett Ranes

mob: +47 923 38 986

 

Heimeside:
/www.surnadal.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/heimetenester/
Adresse: Bårdshaugvegen 35 6650 Surnadal

Surnadal kommune Heimetenesta

Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent.

Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.

I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.

I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har og tilsett eigen fagutviklingssjukepleiar.

Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.

Heimetenesta arbeider etter metoden “Helheltlig pasientforløp i eget hjem” -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.

Vi brukar Gerica som fagsystem.

 

Del stillingen

Selskap

Surnadal kommune

Kontaktinfo

  • Annett Ranes
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 923 38 986

Lokasjon

  • Surnadal

Søknadsfrist

September 1, 2022