Lærar – Bygg- og anleggsteknikk

 

OPK-AH – Austrheim vgs, Vestland fylkeskommune

Om stillinga

Austrheim vidaregåande skule ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune. Vi er ein skule med om lag 260 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland, samt Gulen og Solund. Skulen har studiespesialisering og ulike yrkesretta studietilbod. Austrheim vidaregåande skule har eit tett og godt samarbeid med næringslivet i Fensfjordområdet med fyrtårna Mongstad og Sløvåg og med kommunane i vårt område. Austrheim vgs set eleven i sentrum under mottoet «Me bryr oss!» ut frå ein filosofi om at trivsel er viktig for læring. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 10.08.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Lærar bygg- og anleggsteknikk
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4999372958

Arbeidsoppgåver

Austrheim vidaregåande skule har frå 11.08.2025 ledig stilling i 100% som lærar på bygg- og anleggsteknikk.

Arbeidsoppgåver:

Undervisning på bygg- og anleggsteknikk

Kontaktlærar kan bli lagt til stillinga.
Undervisning på arbeidslivsfag (byggdelen) kan bli lagt til stillinga.
Pedagogisk samarbeid, mellom anna i fagteam og klasseteam.

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med:

Fagbrev som tømrar
Pedagogisk kompetanse jf. forskrift til Opplæringslova §14-4.
Pedagogisk utdanning kan takast i kombinasjon med jobb seinare.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Personlege eigenskapar

Som vår nye lærar på bygg- og anleggsteknikk bør du:

* Vere god på relasjonsbygging og samarbeid.
* Ha eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste.
* Ynskje å bidra aktivt i pedagogisk samarbeid og arbeidsmiljø.
* Vere strukturert og kunne arbeide sjølvstendig.
* Vere kreativ, fleksibel og løysingsorientert.

Vi tilbyr

* Eit aktivt, stimulerande og utviklingsorientert fagmiljø
* Nært samarbeid med kollegaer og særs godt arbeidsmiljø
* God delingskultur
* Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Tilsetjing skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Me vil kalle søkjarar inn fortløpande til intervju.

 

Søk på stillingen her.

Kontaktinformasjon

Helge Dyrkolbotn, avdelingsleiar
Telefon:  416 62 610

Frode Hervik, rektor
Telefon:  905 65 217

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Frode Hervik
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 905 65 217

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

August 10, 2025