
Lærar teknologi- og industrifag
Austrheim vgs er ein kombinert vidaregåande skule med både studiespesialisering og yrkesfag ved Fensfjordbassenget. Skulen har både industrifokus for å utdanne ungdom til industrien i regionen og ein blå profil ved maritime fag og naturbruk/akvakultur. Samstundes er skulen i front på framtidsretta opplæring på studiespesialisering. Austrheim vgs har i underkant av 300 elevar, og har såleis eit oversiktleg og mangfaldig elevmiljø der trivsel står i fokus. Slagordet til skulen er «Me bryr oss!» ut frå ein filosofi om at elevane lærer best når dei trivst på skulen. Same filosofi gjenspeglar seg i arbeidsmiljøet som er særs bra.
Søknadsfrist: 01.12.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Lærar Teknologi- og industrifag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5043772129
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på teknologi- og industrifag.
- Undervisning på tilrettelagt opplæring.
- Kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillinga.
- Eventuelt kan det også vere aktuelt med noko undervisning på teknologi- og industrifag sin del av arbeidsfag.
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med:
* Fagskuleutdanning eller minimum fagbrev innan teknologi- og industrifag (spesielt ynskjeleg med maskinistutdanning, industrimekanikar eller andre mekaniske fag).
* Yrkesfaglærarutdanning (YFL) eller praktisk-pedagogisk utdanning.
* Erfaring frå undervisning.
* Allsidig og relevant erfaring.
Me oppfordrar også personar utan formell pedagogisk utdanning om å søkje.
Det er krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
– Evne til å byggje gode relasjonar med elevar og kollegaer
– Gode samarbeidsevner
– Fleksibilitet og stå på vilje
– Utviklingsorientert
Vi tilbyr
– Eit særs godt arbeidsmiljø
– God delingskultur
– Greit lønsnivå og god pensjonsordning
– Arbeide med kjekke ungdommar
Kontaktinformasjon
Frode Hervik
rektor
Telefon:90565217
Helge Dyrkolbotn
avdelingsleiar
Telefon:41662610
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

