AUH – AUSTRHEIM VGS, Vestland fylkeskommune

Assisterande rektor

Austrheim vidaregåande skule ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune. Vi er ein skule med om lag 200 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland, samt Gulen og Solund. Skulen har studiespesialisering og ulike yrkesretta studietilbod. Austrheim vidaregåande skule har eit tett og godt samarbeid med næringslivet i Fensfjordområdet med fyrtårna Mongstad og Sløvåg og med kommunane i vårt område. Austrheim vgs set eleven i sentrum under mottoet «Me bryr oss!» ut frå ein filosofi om at trivsel er viktig for læring. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 20.02.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Austrheim
Stillingstittel: Assisterande rektor
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4764221982

Arbeidsoppgåver

Austrheim vidaregåande skule har frå 01.08.2023 ledig stilling i 100% som assisterande rektor.

Arbeidsoppgåver:

* Felles, overordna leiing gjennom leiarteamet.
* Avdelingsleiar for studiespesialisering og fellesfag.
* Pedagogisk utviklingsarbeid.
* Kvalitetssikringsarbeid (læringsmiljø, resultat og undervisning).
* Personaloppfølging, m.a. rekruttering, permisjons- og fråværshandtering.
* Det kan bli lagt noko undervisning til stillinga.
* Planlegging av skuleår
(lista er ikkje uttømmande)

I tillegg kan assisterande rektor få oppgåver på aktuelle område avhengig av kvalifikasjonane til den som vert tilsett. I leiarteamet vil ein ta ein runde med gjennomgang av oppgåvefordelinga etter tiltreding.

Kvalifikasjonar

Vedkommande må ha:

* Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
* Erfaring frå skuleverket (vgs eller grunnskule).
* Undervisningskompetanse i fag i vidaregåande skule.

Det er ynskjeleg med:

* Relevant leiarerfaring og leiarutdanning, og eit krav om å ta leiarutdanning dersom ein manglar slik formell kompetanse.
* Høg digital kompetanse.
* Endringskompetanse.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Personlege eigenskapar

Som vår nye assisterande rektor må du ha evne til:

-nytenking og utvikling,
-kunne leie, motivere og støtte medarbeidarar og elevar.
-kommunisere ope og inkluderande, skape gode relasjonar og vere ein lagspelar.
-iverksette gode løysingar gjennom medskaping
-jobba strukturert og målrettea
-ha godt humør og vera raus

Vi tilbyr

* Eit aktivt, stimulerande og utviklingsorientert fagmiljø
* Nært samarbeid med kollegaer og særs godt arbeidsmiljø
* God delingskultur
* Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Tilsetjing skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Mastrevikane 44, 5943 Austrheim, Norge

Kontaktinformasjon

Frode Hervik, rektor
Telefon:  905 65 217

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Frode Hervik
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 905 65 217

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

Februar 20, 2024