Assisterande styrar, 100% fast stilling
Om stillinga
Ynskjer du å bidra til eit godt oppvekstmiljø i Gulen kommune? Byrknes barnehage og skule har ledig ei spanande 100% fast stilling som assisterande styrar frå snarast. Som assisterande styrar vil du vere nøkkelperson i intitiativtaking, setje i gong tiltak, føre utviklings- og endringsarbeid, samt følgje opp det pedagogiske arbeidet i barnehagen.
Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. Eininga fekk vinteren 2020/2021 eit flott nytt barnehagebygg. Sjå www.byrknes.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.
Barnehagane i Gulen har;
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar – ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er delvis knytt til arbeid i barnegruppa i avdeling barnehagen og delvis administrativt arbeid. Vi ynskjer at einingsleiar og assisterande styrar, som utgjer leiarteamet ved eininga, saman skal utvikle eininga, og sjå heile eininga saman. I tillegg til utviklingsoppgåver og oppgåver på tvers av barnehage og skule, har assisterande styrar fylgjande oppgåver knytt til barnehageavdelinga:
- Ansvar for at det pedagogiske arbeidet skjer i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Personalleiing og – utvikling
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i drifta av avdelinga
- Delta i den daglege drifta
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Det er ein fordel med leiarerfaring
- Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har evne til å sjå kvart enkelt barn og skape gode og trygge relasjonar med borna
- Bidra til å vere ein stabil vaksen i borna sin kvardag, og til eit godt arbeidsmiljø
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Evne til å leie og utvikle organisasjonen
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Om oss
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Spørsmål om stillinga
Evelyn Monslaup
Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
47822966
evelyn.monslaup@gulen.kommune.no
- Søknadsfrist: 8. februar 2024
- Arbeidsgivar: Gulen kommune
- Kommune: Gulen
- Omfang: Heiltid
- Varigheit: Fast
- Arbeidsstad: Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik