Vil du bli vår nye assisterande rektor?
Stiftinga Voss Folkehøgskule, Voss
Stillinga som assisterande rektor byd på spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Som rektor sin næraste medarbeidar, og stedfortredar, er du aktivt med i leiinga av skulen og den pedagogiske utviklinga av skuletilbodet.
Me ynskjer ein inkluderande og tydeleg person, som bidreg til samhald og trivsel mellom elevar, og mellom elevar og tilsette. Du må vera oppteken av å byggja gode og trygge læringsmiljø, som kan fremja danningsideala i folkehøgskulen.
Skuleåret på folkehøgskulen er intensivt. Det er undervisning seks dagar i veka.
Aktivitetar, turar og arrangement i helger og på kveldstid skaper mange møteplassar, og rom for gode opplevingar, i eit tett og forpliktande fellesskap.
Stillinga er ledig frå 1.august 2022, og er 100%, delt mellom 50% undervisning og 50% leiing/administrasjon. Planlegging og organisering av skuleåret er bland dei viktigaste arbeidsoppgåvene.
Du som ynskjer denne stillinga må ha
· relevant utdanning på høgskulenivå og pedagogisk kompetanse
· undervisningserfaring og evt leiarerfaring, gjerne frå folkehøgskule
· god evne til kommunikasjon, både skriftleg og munnleg
· evna til å arbeide strukturert og systematisk
Me kan tilby ein unik og variert jobb i lag med dyktige medarbeidarar.
Løn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Søk på stillingen via rektor@voss.fhs.no
Søknadsfrist: 13.04.2022
Om stillingen
Stillingstittel: Assisterande rektor
Sted: Eskelandsvegen 28, 5704 Voss
Ansettelsesform: Fast
Heltid/deltid: Heltid
Antall stillinger: 1
Sektor: Privat
Arbeidsdager: Ukedager Lørdag Søndag
Arbeidstid: Dagtid Kveld Natt
Oppstart: 01.08.2022
Kontaktperson for stillingen
Siren Øyan Kulbeck, Rektor
Telefon: 920 24 013 Epost: rektor@voss.fhs.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver: Stiftinga Voss Folkehøgskule
Adresse: Eskelandsvegen 28, 5704 Voss
Hjemmeside:
https://www.voss.fhs.no
Voss folkehøgskule er ein frilynt skule eigd av Stiftinga Voss folkehøgskule. Skulen har ei 125 år lang historie der tradisjon og nyskaping går side om side. Skuletunet er bygd på ein vakker gamal gard som ligg idyllisk til ved Vangsvatnet, like utanfor sentrum av kultur, ski-og ekstremsportbygda Voss. Skulen er i god vekst, med høge søkjartal og trygg økonomi.