Friluftsliv i Åseral

 

2. gangs utlysing: Fast stilling som rektor ved Åseral barne- og ungdomsskule 

 

Vil du vere med å utvikle den gode skulen i Åseral? Åseral skules visjon er «Vi kan, vi vil, da får vi det til!». Alle barn og unge skal vekse opp til å bli den beste utgåva av seg sjølv, slik at dei kan delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv som vaksne og ta gode val for seg sjølv og andre. Ingen kan skape ein god skule aleine. Vi ser etter deg som vil leie utviklinga av skulen sitt profesjonsfaglege fellesskap, slik at alle ser si rolle i å ta eit kollektivt ansvar for elevane si utvikling og læring.

Hvis du vil bli ein del av denne reisa, så håper vi at du les vidare.

Vi ser etter ein modig, endringsdyktig og raus rektor til Åseral barne- og ungdomsskule. Åseral barne- og ungdomsskule har 110 elevar og 30 tilsette. Skulen har eit stabilt og utviklingsorientert personale som arbeider for eit trygt, inkluderande og læringsfremjande elevmiljø. Vi har ein inkluderande og støttande arbeidskultur der rektor får moglegheit til å utvikle seg og påverke skulen si retning. Skulen vår ligg idyllisk til i Kyrkjebygda, omgitt av vakker natur og med flotte fasilitetar og uteområde. På skulen vil du møte ein flott gjeng med elevar og eit positivt og framoverlent kollegium av lærarar og andre tilsette. Skulen har eit meget kompetent personale med høg profesjonsfagleg integritet og høge forventningar til ein praksis som fremjar elevane si trivsel og læringsutbytte. Skulen sitt satsingsområde dette året er dysleksivennleg undervisning. Det er eit svært godt arbeidsmiljø ved skulen. Rektor og 2 avdelingsleiarar utgjer skulen si leiargruppe. Rektor sit i kommunedirektøren si leiargruppe og er ein viktig bidragsytar når det kjem til den strategiske utviklinga av kommunen. Les meir om Åseral barne- og ungdomsskule her: www.xn--bus-tla.no/

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 22.04.2025
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Sted: Åseral
Stillingstittel: Rektor Åseral barne- og ungdomsskule
Stillinger: 1
Heltid / Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4945313982

Arbeidsoppgåver

Vidareutvikling av skulen sitt faglege fellesskap rundt læringsoppdraget og det systematiske og målretta arbeidet for eit trygt og godt læringsmiljø
Vere ein synleg leiar som formulerer mål og forventningar for framtidas skule og har god gjennomføringskraft
Bidra til ein aktiv innovasjons- og delingskultur gjennom brei involvering i utviklingsprosessar
Drive systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid i samarbeid med dei tilsette
Leie ei leiargruppe som mobiliserer dei tilsette sin kompetanse til beste for elevane si læring
Bygge skulen sitt omdømme og plass i lokalmiljøet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette
Sørgje for optimal ressursutnytting i samsvar med mål og forventningar

Kvalifikasjoner

Utdanning og formell kompetanse for grunnskule
Skuleleiarerfaring vil bli vektlagt
Skuleleiarutdanning er ønskjeleg
God kunnskap om, og interesse for bruk av teknologi og digitale læringsressursar i læringsarbeidet

Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som alltid har barn sitt beste i fokus, og som ønskjer å bidra til at Åseral skal vere ein god stad å vekse opp for alle barn. Du må vere utviklingsorientert og har evne til å tenke nytt. Du må ha god innsikt i korleis du som leiar kan påverke dei tilsette sin praksis, og forsikre deg om kvaliteten i tenestene til barn og unge. Du har eit positivt elevsyn og utviklar ein kultur som gjer at alle elevar opplever tryggleik og tilhøyrigheit. Du har også vilje og evne til å vere pedagogisk og administrativ leiar for elevar, personale og føresette. Du må kunne motivere og utvikle ein felles kultur og forståing for viktigheita av å jobbe saman mot felles mål. Du er ein inspirator og har utprega samarbeidsevner, også på tvers av fagområda, samtidig som du tør å stå i vanskelege saker og behandle dei på ein god måte. Du arbeider strategisk og er samtidig tett på den daglege verksemda. Du har gode samarbeidsevner. Du er ein strukturert og målretta person, du er løysingsorientert og har stor arbeidskapasitet. Vi trur også at du har gode kommunikasjonsferdigheiter, skriftleg og munnleg, er beslutningsdyktig og har stor gjennomføringsevne. Men framfor alt er du ambisiøs på barn og unge sine vegne, og ønskjer å bidra til at alle barn og unge i Åseral blir den beste utgåva av seg sjølv, slik at dei kan delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv som vaksne og ta gode val for seg sjølv og andre.

Vi kan tilby

Løn etter avtale.
Godt fagleg og sosialt miljø.
Tverrfagleg samarbeid.
Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver.
Moglegheiter for vidareutdanning og leiarutvikling
Som ein kommune i sentralitetsklasse 6, kan vi gjennom ny ordning tilby nedskriving av studielån på inntil 25 000,- årleg.
Bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse.
Kommunen kan hjelpe til å finne bustad i kommunen.
Gratis SFO og full barnehagedekning.

flytttilåseral.no/

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse: Bordalsbakken 10, 4540 Åseral, Norge

Kontaktinformasjon

Kåre Einar Larsen
Kommunedirektør
Telefon: 90585268
E-post: Kare.Einar.Larsen@aseral.kommune.no

 

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Snøglede

 

Del stillingen

Selskap

Åseral kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Kåre Einar Larsen
  • Tittel: Kommunedirektør
  • E-Post: Kare.Einar.Larsen@aseral.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 905 85 268

Lokasjon

  • Åseral

Søknadsfrist

April 22, 2025