Friluftsliv i Åseral

 

Jordmor i Åseral kommune – 70% vikariat

 

Har du lyst til å vikariere for jordmor?

Vi i helse og velferd er på jakt etter ei jordmor til helsestasjonen frå august/september og fram til juli 2027, med mogeleg forlenging.
Jordmortenesta er ein del av helsesjukepleiartenesta, som omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom.

Jordmortenesta er organisatorisk plassert i helse og velferd, saman med andre helsetenester som legekontor, psykisk helse og rus, habilitering, fysioterapi og ergoterapi. Det er òg eit tett samarbeid med interkommunalt barnevern og NAV.

Vi utviklar tenesta i tverrfagleg samarbeid for tidleg innsats overfor barn og familiar, og arbeider etter ein innsatstrapp i tiltaka.
Jordmorarbeidet er interkommunalt, og det er ein kontordag i veka i Eiken. I tillegg har Åseral vaktberedskap i samband med fødsel, grunna avstanden til sjukehuset.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:09.08.2026
Arbeidsgiver:Åseral kommune
Sted:Åseral
Stillingstittel:Jordmor i Åseral kommune – vikariat i 70%
Stillinger:1
Heltid / Deltid:Deltid
Ansettelsesform:Vikariat
Stillingsprosent:70
Webcruiter-ID:5152806696

Arbeidsoppgåver

Svangerskapsoppfølgjing ved helsestasjonen
Heimebesøk til nyfødte
Etterkontroll
Vaktberedskap i samband med fødsel
Du vil bidra til trygg og heilskapleg oppfølging av gravide og nybakte familiar i kommunen.

Kvalifikasjoner

Du må:

  • ha autorisasjon som jordmor
  • har erfaring med klinisk arbeid som jordmor føde/barsel
  • disponere bil og førarkort klasse B
  • ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Det er ønskjeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid

Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)

Personlege eigenskaper

Vi ønsker at du:

  • er tillitvekkande og har gode kommunikasjonsevner i møte med barn og føresette
  • er engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis.
  • er god på samarbeid, er fleksibel, tek ansvar og viser interesse for den kommunale helsetenesta

Personlege eigenskaper vert vektlagt

Stillinga har ei prøvetid på 6 månader

Vi kan tilby

  • Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Barnehageplass
  • Gratis SFO
  • Vi kan hjelpe til å finne bustad  https://xn--flytttilseral-wfb.no/

 

Søk på stillinga her.

 

Kontaktinformasjon

Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd
Telefon:  413 22 847
E-post:  [email protected]

 

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Del stillingen

Selskap

Åseral kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Laila Ljosland
  • Tittel: Einingsleiar Helse og velferd
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: 41322847

Lokasjon

  • Åseral

Søknadsfrist

August 9, 2026