Driftsleiar/ driftsoperatør Vatn og Avløp 100% fast stilling
Eininga drift og vedlikehald har ansvar for drift av vatn- og avlaupsanlegg, bygg, vegar, kyrkjegardar og
parkar/grøntanlegg.
Kommunen har 6 vatn- og avlaupsdistrikt, 3 ligg i dei ulike hytteområda, samt Kyrkjebygd, Logna og
Kylland. Eininga har drift- og fagansvar for desse.
Vidare har eininga ansvar for drift- og vedlikehald av kommunale veger/bruer, idrottsanlegg, leikeplassar,
parkar og kyrkjegardar. Alt vedlikehald av kommunale bygg ligg og til eininga.
Søknadsfrist: 24.10.2024
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Sted: Åseral
Stillingstittel: Driftsleiar/operatør Vatn og Avløp 100% fasst stilling
Stillinger: 1
Heltid/Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4862464658
Arbeidsoppgaver
Driftsleiar
- skal i samarbeid med einingsleiar og VA ingeniør planlegge drift/vedlikehald av kommunen sine VA anlegg
- skal koordinere drift/vedlikehald av kommunen sine VA anlegg, driftsmannskap og oppfølging på arbeidsplass.
- har ansvar for bruk og vedlikehald av FDV systemet
- vil få allsidige og varierte arbeidsoppgåver ved dei kommunale vatn- og avløpsanlegga, instalasjonar og
- tilhøyrande ledningsnett
- vil få andre relevante oppgåver etter behov
- skal yte hjelp og pratisk bistand til dei andre tenesteområda
Den som vert tilsett vil vere ein del av eininga si beredskapsteneste
Det kan vere aktuelt å ha ansvar for evt lærlingar
Kvalifikasjoner
- Driftsoperatørutdanning/relevant fagbrev, t.d rørleggar, elektrikar, automasjon, kjemi og prosess
- Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsfag
- Grunnleggande datakunnskapar og vere fortruleg med bruk av PC og iPad
- ADK -1 sertifikat er ønskeleg
- Leiarerfaring vil bli tillagt vekt
- Førarkort klasse B E
Personlige egenskaper
Vi ønskjer ein medarbeider som:
- har gode leiareigenskaper, positiv holdning, god samarbeidsevne, evne til å ta ansvar og planlegge kort
- og langsiktig drift
- har evne til å skape gode relasjonar
- er fleksibel og har endringskompetanse
- er engasjert
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
Spanande arbeidsoppgåver innan eit fagområde i utvikling
Gode fagmiljø med mogelegheit for kompetanseutvikling
Løn etter avtale
Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral, Norge
Kontaktinformasjon
Kjell Ljosland
Einingsleiar drift og vedlikehald
Telefon:+47 41515700
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.