Lærarar – tilrettelagd opplæring

 

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/ 
Talet på søkjarar til tilrettelagd opplæring aukar og vi opprettar ny avdeling og nye skuleplassar.

Vi har ledig inntil 350 % fast stilling som lærarar for tilrettelagt opplæring, Helse og oppvekst.

Vi ønskjer deg som vil vere med å byggje opp ein ny avdeling, der meistring og lærelyst vil vere viktig. Du bør ha kompetanse og erfaring frå arbeid der elevar har store og samansette lærevanskar. Du må vere god til å byggje relasjonar til elevane, men samstundes stå i utfordrande situasjonar over tid.

 

Søknadsfrist: 22.04.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Lærarar – tilrettelagd opplæring
Stillingar: 3
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Leie det pedagogiske arbeidet i klassen  
  • Rettleie miljøfagarbeidarar 
  • Utarbeide individuelle opplæringsplanar 
  • Pedagogisk utviklingsarbeid, i tråd med skolens pedagogiske plattform og utviklingsplan 
  • Bygge opp fagmiljøet i samarbeid med leiar og miljøfagarbeidarar 
  • Skule – heim samarbeid og samarbeid med andre instansar 
      

 

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse
  • Spesialpedagogisk kompetanse  
  • Erfaring frå undervisning – gjerne relatert til målgruppa 
  • Erfaring frå utviklingsprosjekt retta mot å forbetre undervisningspraksis 
  • God kjennskap til profesjonsfagleg digital kompetanse  
  • Gjerne kompetanse i rettleiing   

 

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon
  • God til å bygge relasjonar både til elevar og tilsette 
  • Evne til samarbeid og til teamarbeid 
  • Evne til å stå i utfordrande situasjonar over tid 
  • Tolmodig 
  • Evne og vilje til å sette langsiktige mål  
  • Å vere personleg eigna er særs viktig i denne stillinga  

 

Vi tilbyr

  • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram 
  • Ein kultur prega av mangfald og engasjement 
  • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk  

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Kari Danielsen
rektor
 Telefon:99479832

Cecilie Øvstedal
Assisterande rektor
 Telefon:99255824

 

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Kari Danielsen
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 994 79 832
  • Cecilie Øvstedal
  • Tittel: Assisterande rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 992 55 824

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

April 22, 2025