Avdelingsleiar
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Til leiargruppa søkjer vi etter ein utviklingsretta, tydeleg, trygg og samarbeidsorientert avdelingsleiar. Du vil ha overordna ansvar for det skuleadministrative systemet (VIS) og skuleårsplanlegginga. Stillinga er ledig frå 01.01.2024.
- Søknadsfrist: 02.11.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: Avdelingsleiar
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4721480326
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du særleg arbeide med:
- Personal-, fag- og økonomiansvar
- Overordna ansvar for skuleårsplanlegging og drift av VIS
- Fagleg og pedagogisk ansvar for opplæringa innanfor eit eller fleire fagområder
- Utvikling av undervisninga i samsvar med Fagfornyinga, Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Vestland og skulen sin utviklingsplan
- Undervisning kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse i vidaregåande skule
- Erfaring frå arbeid i skuleadministrative system eller andre digitale system
- Erfaring frå utviklingsprosjekt retta mot å forbetre undervisingspraksis
- Erfaring frå undervisning av minoritetsspråklege elevar er ønskjeleg
- Realfagskompetanse er ønskjeleg
- Gjerne vidareutdanning innan leiing
Personlege eigenskapar
- Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert
- Du evner å sjå heilskap og kan finne løysingar som kjem alle tilgode
- Du trivs å arbeide med tal og rekneark
- Du set elevane si læring, trivsel og gjennomføring fyrst
- Du er ein tydeleg, trygg og open leiar med ein inkulderande leiarstil
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er utviklingsorientert har god gjennomføringsevne
- Du trivast med å leie, planlegge og organisere ulike oppgåver
- Du trivast med ein kvardag med høgt tempo og mykje som skjer
- Du er triveleg, ler og tåler ein spøk
Vi tilbyr
- Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
- Ein kultur prega av mangfold og engasjement
- Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø og variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Andre opplysningar:
Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Kari Danielsen
rektor
Telefon:99479832
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.