Avdelingsleiar

 

 

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, i tillegg innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar finn eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/

Talet på søkjarar til tilrettelagd opplæring aukar og vi opprettar ny avdeling med nye skuleplassar.
Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar for tilrettelagd opplæring, Helse og oppvekst.

 

Søknadsfrist: 22.04.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Avdelingsleiar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4949224554
Startdato: 01.08.2025

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk utviklingsarbeid i tråd med skolens pedagogiske plattform og utviklingsplan 
  • Bygge opp fagmiljø i samarbeid med pedagogar og miljøfagarbeidarar  
  • Personal-, fag- og økonomiansvar på avdelinga 
  • Elevmedverking   
  • Samarbeide med andre etatar og instansar, og samarbeid med føresette 
  • Undervisning kan bli lagt til stillinga

 

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse 
  • Leiarerfaring
  • Spesialpedagogisk kompetanse  eller erfaring med målgruppa 
  • Erfaring frå undervisning – gjerne relatert til målgruppa 
  • Erfaring frå utviklingsprosjekt retta mot å forbetre undervisningspraksis 
  • God kjennskap til profesjonsfagleg digital kompetanse 
  • Gjerne vidareutdanning i leiing 
  • Kjennskap til lov- og avtaleverk  

 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg, trygg og open leiar med ein inkluderande leiarstil 
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Du er utviklingsorientert har god gjennomføringsevne 
  • Du trivast med å leie, planlegge og organisere ulike oppgåver 
  • Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert  

 

Vi tilbyr

  • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram 
  • Ein kultur prega av mangfald og engasjement 
  • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande 

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Kari Danielsen
rektor
 Telefon:99479832

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Kari Danielsen
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 994 79 832

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

April 22, 2025