Administrasjonsleiar

 

 

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen gir opplæring av høg fagleg kvalitet og vektlegg at elevane skal oppleve mestring og inkludering. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Til leiargruppa søkjer vi etter ein tydeleg, trygg og samarbeidsorientert administrasjonssleiar. Du vil ha overordna ansvar for økonomistyringa av skulen. Stillinga er ledig frå 01.09.2024.

 

  • Søknadsfrist: 22.03.2024
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stillingstittel: Administrasjonsleiar
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4772366250

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene varierer innanfor leiing, HR, økonomiforvaltning og generell administrasjon av skulen.

  • Leiar/personalansvar for merkantilt team
  • HR og løn
  • Budsjettarbeid, økonomi og rekneskapsoppfølging
  • GDPR-ansvarleg
  • Innkjøp
  • Samarbeid med kantine, driftsleiar og IKT om drift av skulen
  • Andre oppgåver avhengig av dine styrker og skulen sine behov

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelor eller masternivå innan økonomi, administrasjon og leiing.
  • Det er ein føremonn med erfaring frå arbeid i skulen/skuleadministrative system
  • God kjennskap til aktuelt lov- og regelverk

 

Personlege eigenskapar

  • Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert
  • Du evner å sjå heilskap og kan finne løysingar som kjem alle tilgode
  • Du er ein tydeleg, trygg og open leiar med ein inkulderande leiarstil
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du trivast med å leie, planlegge og organisere ulike oppgåver
  • Du er utviklingsorientert har god gjennomføringsevne
  • Du trivast med ein kvardag med høgt tempo og mykje som skjer
  • Du bidrar til trivsel og glede på arbeidsplassen

 

Vi tilbyr

  • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
  • Ein kultur prega av mangfold og engasjement
  • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø og variert tverrfagleg samarbeid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

 

Andre opplysningar:

Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Kari Danielsen
rektor
 Telefon:99479832

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Kari Danielsen
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 99479832

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

Mars 22, 2024