
Undervisningsstilling Helse og oppvekst
Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik og moderne skule i
Arna med omlag 280 elevar og 45 tilsette. Skulen held til i nyoppussa moderne lokale på Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Våre utdanningsprogram er studiespesialisering, medium og kommunikasjon, bygg- og anleggsteknikk og helse- og oppvekstfag. Skulen er ein del av eit allsidig lokalsamfunn og har gode samarbeidstradisjonar med arbeids- og samfunnsliv. Skulen legg vekt på å skapa gode læringsmiljø og arbeidsvilkår for elevar og tilsette med fokus på utvikling, trivsel, kunnskap og meistring.
Søknadsfrist: 07.08.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Undervisningsstilling Helse og oppvekst
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4996273217
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
– Universitets- og høgskoleutdanning.
– Yrkesfaglærarutdanning eller 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og Praktisk pedagogisk utdanning.
– Pedagogisk kompetanse.
– Allsidig og gjerna tverrfagleg praksis.
– Erfaring med oppfølging av lærlingar vil vera eit føremon.
– Relevant yrkesfagleg utdanning.
– Gode IKT kunnskapar
– Sertifikat på bil Kl B
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr. Opplæringslova. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Du må ha eit positivt elevsyn.
Du må være pedagogisk og fagleg nyfiken.
Du må ha stort engasjement for faget. Skulen er oppteken av undervisning og vurderingspraksis og me har fokus på at elevane skal få gode framovermeldingar i faga.
Du evnar å bidra til elevanes faglege og sosiale utvikling.
Du må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ha god struktur på undervisninga og utarbeide gode og oversiktlege arbeidsplanar for elevane.
Vi tilbyr
– Gode forsikring og pensjonsordningar
– Eit aktivt, inkluderande og stimulerande fagmiljø
– Nært samarbeid med kollegaer
– God delingskultur
– Opplæring til nytilsette
Kontaktinformasjon
Lars Inge Skjerping Teigen
avdelingsleiar
Telefon:90898256
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.