
Vikariat i matematikk og naturfag
Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik skule med omlag 300 elevar fordelt på fem utdanningsprogram. Skulen held til på idylliske Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Skulen vart rehabilitert i 2018 og framstår som ny og moderne.
Skulen har utdanningsprogramma BA, HO, IM, MK og studiespesialiserande.
Vi søkjer etter faglærar i matematikk og naturfag for snarleg tilsetjing.
Søknadsfrist: 15.02.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Vikariat lærer i matematikk og naturfag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 5072298060
Arbeidsoppgåver
Undervisning i matematikk og naturfag i omlag 50% stilling ut skuleåret. Stillingsressursen kan aukast. Undervisninga kan bli lagt til alle program, men mest på yrkesfag.
1p,1py, 2p og naturfag. Støtteundervisning og meiropplæring kan òg bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
- Fagleg kompetanse innan matematikk og naturfag.
- Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.
Personlege eigenskapar
- Du tek omsyn til at elevane er i ein utviklingsfase.
- Du er med på å skape gode relasjoner til elevar og medarbeidarar.
- Du er fagleg nysgjerrig, og liker å finne gode måtar å undervise på.
Vi tilbyr
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Gode kolleger og hyggelege elevar.
Kontaktinformasjon
Lars Inge Skjerping Teigen
avdelingsleiar
Telefon:90898256
Svein Arne Nybø
ass. rektor
Telefon:90266798
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

